Prøv ut i praksis: Skriverammer som stillas

Planlegg og prøv ut i praksis:

Planlegg saman korleis de kan bruka skriverammer som grafiske boksar eller startsetningar som støtte for elevane si komande skriving.

Prøv ut skriverammer i praksis i eitt eller fleire av faga dine dei neste vekene.

Erfaringsdeling:

Avtal når de skal møtast for å dela og drøfte erfaringar frå utprøvinga i eiga klasse. Sett av minst 30 minutt. Målet er at delinga skal gje deltakarane nye innsikter og nye eksempel. 

  • Del erfaringar de har med bruk av skriverammer i klassen, eventuelt lytt til andre sine erfaringar.
  • Bruk av skriverammer har sine klåre fordelar, men dei har også sine klåre ulemper. Diskuter fordelar og ulemper ved bruk av skriverammer.

Avslutt erfaringsdelingsøkta med å sjå denne fagfilmen, der førsteamanuensis Anne Håland kjem med fleire tips om bruk av skriverammer.