Film: "Bruk av boksskjema som støtte"

I denne økta får du kjennskap til skriverammer og diskutera fordelar og ulemper med desse. I tillegg inneheld økta konkrete eksempel på to ulike typar skriverammer: boksar og startsetningar.

I den første fagfilmen viser førsteamanuensis Anne Håland ved Lesesenteret eit eksempel på ein måte å bruka boksskjema til planlegging av tekst i naturfag. I dette eksempelet har ein brukt boksar til å markera sjølve brødteksten. I andre fag kunne ein også tenkja seg at det vart markert ein boks for innleiingsavsnitt og ein boks for avslutningsavsnitt.

Diskuter i grupper etter filmen:

  • Korleis du kan bruka boksskjema som strukturerande prinsipp i dine fag?