Lærer og elev sitter på gulvet foran bokhylle. Eleven leser i en bok.

Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

Eit godt skulebibliotek fremjar leseglede og trivsel. Det er ein lærings- og danningsarena, og ein reiskap for læraren. Med aktiv bruk av biblioteket kan vi få elevane til å lese meir, øve dei opp i kritisk tenking og få dei til å bruke ulike informasjonskjelder i skulearbeidet.

Når elevane har tilgang til mange, ulike tekstar, kan det gjere dei til betre lesarar. Vi veit òg at dei blir betre lesarar av å lese i fritida. Difor er det så viktig å gi elevane mykje litteratur å velje i. Skulen bør ha god kjennskap til litteratur og kompetanse på å formidle den. Her kjem skulebiblioteket og skulebibliotekaren inn som nyttige ressursar for læraren.

Opplæringslova med forskrift slår fast at alle elevar skal ha tilgang til eit bibliotek, at biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skulen og at det skal brukast aktivt i undervisninga. Skulebiblioteket skal vere ein læringsarena på tvers av fag og eit verktøy for formidling av trykte og digitale tekstar, uavhengig av elevens lese- og funksjonsnivå. Biblioteket kan slik bidra til å utjamne sosiale og digitale skilje og fremje personleg vekst hos den enkelte elev.

Sentrale spørsmål

  • Korleis kan skulebiblioteket vere ein ressurs i skulens arbeid med lesestimulering og litteraturformidling? 
  • Korleis kan skulebiblioteket leggje til rette for å utvikle elevanes informasjonskompetanse? 
  • Korleis kan skulebiblioteket bidra til å oppfylle krava i læreplanen? 
  • Korleis kan skulebiblioteket forankrast i skulens planar? 
  • Korleis kan skulen sikre godt samarbeid mellom skulebibliotekar og lærar? 

 

Pakken er laga av: Siri Ingvaldsen, seniorrådgiver, bibliotekutvikler Vestland fylkeskommune og Marit Aasen, universitetslektor ved Lesesenteret.

Erfaringsdeling og vegen vidare

I denne økta delar me erfaringar og drøftar utfordringar og konkrete tiltak ved eige skulebibliotek. Det er eit mål etter arbeidet med økta at skulen har definert nokre konkrete tiltak for å utvikle biblioteket og auke bruken. 

45 min

Lesestimulering og litteraturformidling

Målet med økta er å synleggjere korleis biblioteket kan vere ein ressurs i arbeidet med lesestimulering og litteraturformidling i skulen.

64 min

Samarbeid mellom folkebibliotekar, skulebibliotekar, lærarar og skulen si leiing

Målet med økta er å etablere, eventuelt vidareutvikle, samarbeid mellom skulen og folkebiblioteket.

45 min

Informasjonskompetanse

Målet med økta er å gje ei innføring i kva som kan liggje i omgrepet informasjonskompetanse og å gje innspel på korleis skulen kan integrere skulebiblioteket i arbeidet med å utvikle informasjonskompetanse hos elevane.

54 min