Teksten som norskfagleg problem: Bruk av pakken

Her er informasjon om «Teksten som norskfagleg problem» til deg/dykk som skal leie arbeidet. Du/de vil finne forslag til ulike måtar å gjennomføre arbeidet med det faglege innhaldet i pakken.  

Fagpersonar som har utvikla innhaldet:

Pakken er utvikla av professor Atle Skaftun ved Lesesenteret, førsteamanuensis Margrethe Sønneland ved lærarutdanninga og universitetslektor Ingeborg M. Berge ved Lesesenteret. Alle er tilsette ved Universitetet i Stavanger.

Forarbeid:

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skolen bruker tid på å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeidet, diskusjonane og erfaringsdelinga. Sjå meir informasjon om dei enkelte øktene i oversikta nedanfor.

Målgruppe:

«Teksten som norskfagleg problem» er retta mot norsklærarar på ungdomsskolen, men bygger på erfaringane med utprøvingar på barnetrinnet.

Organisering:

Ressursen inneheld 8 økter. Dei fire første er publisert i 2023, mens dei fire neste kjem i 2024. I øktene vil ein veksle mellom formidling av fagleg innhald i artikkelform, ulike spørsmål til refleksjon og diskusjon. Det er viktig å setje av nok tid til samtale, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand. I dei fleste øktene skal deltakarane lese og drøfte fagtekstar.

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:

Økt 1 – Førstehandserfaring med eit fagleg problem

Den første økta tek utgangspunkt i fagfornyinga sitt fokus på utforsking og problemløysing og gjev lærarane moglegheita til sjølv å få erfaringar med norskfaglege tekstar som problem. Det vil skje gjennom lesing og samtale om ein utvald litterær tekst. Vidare vil lærarane lese og diskutere to fagtekstar. Deltakarane skal arbeide i grupper i nokre av desse øktelementa.

Desse tre tekstane ligg som lenke i økta og bør kopierast før samlinga:

  • «Små ting» av R. Caver
  • «Førstehandserfaring av problem – kva betyr det og kvifor er det så viktig?»
  • Kva er eit godt problem – i norsk som tekstfag?”

Det er viktig at deltakarane gjer forpliktande avtaler om vidare møtepunkt før neste samling for å kunne gjennomføre oppgåva til neste gong.

 

Økt 2 – Gruppesamtalen som dialogisk rom: introduksjon av «grublerommet»

Denne økta bygger vidare på lærarane sine erfaringar med oppgåva frå sist der dei diskuterte norskfaglege tekstar som problem. Økta legg og grunnlaget for å prøve ut gruppesamtalar i form av «grublerom», eller utforskande tekstsamtalar, med elevane i eiga undervising. Som fagleg input les lærarane teksten «Rom for dialog og dialogiske rom for elevmedverknad».

Denne teksten bør kopierast før samlinga:

  • «Rom for dialog og dialogiske rom for elevmedverknad».

 

Økt 3 – Gruppesamtalen som dialogisk rom: etablering av «grublerommet»

I denne økta er det lærarane sine utprøvingar av «grublerommet», eller utforskande tekstsamtaler, i eigne klasserom som er tema. Her er særleg oppstarten av slike samtaler eit diskusjonstema. Det er sett av tid til erfaringsdeling og diskusjon. Som fagleg input les lærarane teksten «Grublerommet som ide». Oppdraget til neste samling krev litt planlegging, bl.a. til korleis gjere opptak av elevsamtalar til felles lytting i neste samling. Det er viktig at det vert sett av nok tid til å førebuing.

Denne teksten bør kopierast/delast før samlinga:

  • «Grublerommet som ide».

 

Økt 4 – Å lytte til elevane sine samtalar

Den fjerde økta har lytting til elevane sine samtaler som tema. I det første øktelementet skal deltakarane lytt til to ulike opptak. Utvalet av opptaka kan gjerast spontant, eller vere avtalt på førehand. Vidare skal det arbeidast med fagteksten «Kva er ein god utforskande samtale?» som tekstseminar etter IGP-metoden (Individuell-Gruppe-Plenum). Resultatet av tekstseminaret skal oppsummerast i ei list over utviklingsområde som bør vere med vidare i arbeidet med dei siste øktene. Oppgåva til neste samling er å gjennomføre ei plenumssamtale i forlenginga av «grublerommet». Plenumssamtaler vil vere tema for neste samling.

Denne teksten bør kopierast før samlinga:

  • «Kva er ein god utforskande samtale?»

 

Økt 5 – Å lytte til elevane sine samtalar II

I den femte økta ønsker vi å identifisere potensialet i elevsamtalane og korleis lærarane kan bidra til å utvikle potensialet vidare og ikkje minst djupare. Først deler lærarane erfaringane sine med oppgåva frå sist; å gjennomføre ein plenumssamtale som oppfølging av gruppesamtalar. Her er det viktig at lærarane tar med utskrift av ein sekvens. Vidare les ein fagteksten «Å bli tatt på alvor» kor det vert peika på læraren si viktige rolle i å legge merke til det elevane seier, sjå potensialet i ytringane og balansere behovet for anerkjenning og utfordring. I oppgåva til neste samling vert ein ny plenumssamtale gjennomført etter ei gruppesamtale. Lærarane kan hente tekst frå ei liste over føreslåtte tekstar, om dei ønsker tekstforslag. Økt 6 ser nærmare på korleis lærarane kan skape samanheng mellom gruppesamtalar og plenumssamtalar. 

Desse tekstane bør kopierast før samlinga:

  • Sekvensar frå plenumssamtalar som den enkelte lærar tar med til samlinga.
  • Fagteksten: «Å bli tatt på alvor» 

 

Økt 6 – Å følge opp gruppesamtalar i plenum

Målet med økta er å reflektere over ulike måtar å skape samanheng mellom det som skjer i gruppesamtalar og det større klassefellesskapet. Erfaringsdelinga er tilsvarande som i førre økt der lærarane tar med ei utskriv av ein samtalesekvens som dei vil lytte til opptaket av. Her kan ein gjerne planlegge i forkant kven som presenterer eit opptak med tekstsekvens. Det faglege innhaldet i denne økta er i form av ein podcast: «Hva er egentlig greia med gruppesamtaler?». Den som leiar samlinga må sørge for at lærarane kan lytte til podkasten, gjerne i fellesskap. Oppdraget i denne økta liknar på dei to føregåande, men denne gongen er det ønskeleg at lærarane observerer kvarandre si undervising i overgangen mellom gruppe- og plenumsamtale. Velg ut ein sekvens som fungerte som eit gyllent augeblikk og ein sekvens som kunne vore utnytta betre. I økt 7 er det elevane sin forståingsprosess gjennom samtalar vi tematiserer.

Desse tekstane bør kopierast før samlinga:

  • Sekvensar frå plenumssamtalar som den enkelte lærar tar med til samlinga.

 

Økt 7  Samtaleleiing – å innta ein dialogisk posisjon

Målet med økta er å auke medvitet om korleis læraren gjennom å lytte til heilklassesamtalen kan støtte elevane vidare i deira faglege forståingsprosess. Etter at erfaringane frå førre økt er delt, les og diskuterer lærarane fagteksten «Å finne og utvikle ein dialogisk lærarposisjon». I oppgåva til den siste samling i denne pakken gjennomfører lærarane ein ny plenumssamtale med blikk for kva elevane har forstått av det faglege innhaldet og korleis lærarane kan støtte elevane vidare i den viktige  forståingsprosessen. 

Denne teksten bør kopierast før samlinga:

  • «Å finne og utvikle ein dialogisk lærarposisjon»

 

Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper:  

I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der en spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor  gjer vi det?» Vi lærar ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere i lag med kollegar. Det er derfor viktig at det blir satt av nok tid til å gjennomføre diskusjonane i tilknyting til faginnhaldet, og at det vert lagt opp til praktisk utprøving i undervisinga. Tidsrammene i øktene er meint å vere rettleiande.