Bruk av pakken: Skriving i begynnaropplæringa

Denne pakken er fordelt på fem økter. Øktene inneheld ei veksling mellom formidling og refleksjonsoppgåver. Alle øktene vert avslutta med oppdrag. Det er og lagt inn økter som inneheld erfaringsutveksling. Det er viktig at dei som skal leie arbeidet på skulen har hatt tid til å bli godt kjende med innhaldet og organiseringa på førehand.

Målgruppa er alle lærarar som jobbar på 1. og 2. trinn.

Økt 1 –  Korleis støtte tidleg skriving?

Innhaldet i denne økta fokuserer på kor viktig det er å legge til rette for skriving, sjølv om elevane ikkje har lært seg alle bokstavane. Elles fokuserer økta på elevane si skriveutvikling og korleis du som lærar kan byggje stillas rundt elevane si skriving. 

Økta vert avslutta med oppdraget: Modeller skriving av felles tekst saman med elevane der du prøver å snakke høgt om kva du gjer medan du skriv.

Økt 2 –  Ulike tilnærmingar til skriving

Denne økta fokuserer på at ein kan setje skriving i scene på mange ulike måtar. Kvar tilnærming har sine moglegheiter og utfordringar. Det er difor viktig at ein gjennom eit skuleår vekslar mellom ulike tilnærmingar basert på elevmangfaldet og elevane si skriveutvikling.

Økta vert avslutta med oppdraget: La deg inspirere av dei ulike tilnærmingane og vél det som passar best for deg og elevgruppa di. Gjennomfør ein skrivesituasjon med elevane dine. Tenk gjennom korleis du kan legge til rette for elevane si skriving og korleis du kan støtte dei undervegs i prosessen. Dokumenter prosessen (bilete, notat, elevtekster osv.) slik at du kan dele dine røynsler med andre kollegaer.

Artikkel til fordjuping:

Økt 3: Erfaringsutveksling

Formålet med denne økta er at lærarane skal presentere erfaringar med utgangspunkt i den tilnærminga til skriving som dei valde i økt 2. Erfaringane deler dei med kollegaer. Kommentér og still spørsmål til dei presentasjonane som blir lagt fram.

Økt 4: Å skrive i ulike fag. Kva betyr det i praksis?

Innhaldet i denne økta fokuserer på at alle lærarar er skrivelærarar som skal legge til rette for fagspesifikk skriving i ulike fag.  Dette gjeld i byrjaropplæringa òg. I økta skal ein legge fram skriving i naturfag, norsk og engelsk.

Økta vert avslutta med oppdraget: Vel eit fag som du ønsker at elevane dine skal skrive ein tekst i. Vel ein teksttype som er relevant i faget. Bruk  gjerne skrivetrekanten som utgangspunkt for planlegginga. Kva må eg som lærar gjere for at elevane skal ha noko meiningsfullt å skrive om? Korleis må eg legge undervisninga til rette for at elevane skal få uttrykke seg på ein måte som er i tråd med formålet? Kven skal lese tekstane, og skal dei publisert?  Dokumentér prosessen slik at du kan dele dine erfaringar med andre kollegaer.

Økt 5: Erfaringsutveksling

Presenter dine erfaringar frå skriving i faget ditt. Bruk gjerne skrivetrekanten i erfaringsutvekslinga: Korleis la du til rette for at elevane skulle ha noko meiningsfullt å skrive om? Korleis er denne skrivinga lenka til faget og til kompetansemåla? Og korleis vart tekstane brukte og delte? Kommentér og still spørsmål til kvarandre sine presentasjonar.

Samanheng med andre pakkar:

Øktene i denne pakken kan ein relatere til andre pakker. Her er nokre slike samanhengar: Økt 1 kan knytast opp mot økt 5 i pakken Prinsipp for god skriveopplæring på barnetrinnet (Tema: Skriving som grunnleggende ferdighet). Denne økta handlar om korleis lærarar kan leie gode skriveprosessar. Det vil også vere relevant å knytte økt 1 opp mot pakken Å støtte elevane si skriving. Økt 2 kan ein sjå i samanheng med pakken Arbeidsmåter i begynneropplæringa,  som handlar om stasjonsarbeid og drama.  Økt 4 kan gjerne knytast opp mot økt 5 i pakken Prinsipper for god skriveopplæring på barnetrinnet. Denne økta omhandlar også skriving på faga sine premissar.

Nokre viktige prinsipp til den/dei som skal leie arbeidet:

I Språkløyper er det lagt opp til at alle startar sitt språkløypearbeid med «Startpakken». Her legg ein eit fundament for forståinga av kva lesing og skriving som grunnleggande ferdigheit er, og ikkje minst for kva som kjenneteiknar kvalitet på refleksjon og utviklingsarbeid.

Tida som er satt på kvart øktelement er rettleiande. Det kan hende at ein ønsker å bruke meir eller mindre tid på kvart element. Det kan også hende at det for eksempel oppstår særlig spennande diskusjonar, eller at arbeidet i gruppene er i ei god og kreativ utvikling, som det vil vere synd å avbryte. Det er viktigare at det er meiningsfulle og givande læringsprosessar mellom kollegaer, enn å helde tidskjemaet.  

Ein av dei viktigaste faktorane for å utvikle eigen praksis ligg i refleksjonsoppgåvene og i oppdraga/mellomarbeidet mellom øktene. Ei viktig oppgåve for deg/dei som leier arbeidet, er derfor å sørge for at prinsippa for den utforskande samtalen (slik det blei vist i økt 2 i startpakken) også blir trekte med vidare i arbeidet med denne pakken. Læringsutbyttet av øktene er avhengig av deltakarane sine bidrag og engasjement.