Deltakarane får utdelt foldaren «Leseplanleggjaren» og gjer seg kjent med han.
Om å aktivere eller skape forkunnskap:
Individuelt: Kva framgangsmåter nyttar du når du arbeider med elevane sine forkunnskapar? Gi døme. Tenkeskriv i 2 minutt. Det vil seie at du skal la tankane få fritt spelerom og skrive så mykje som mogleg på 2 minutt, utan å tenkje på rettskriving eller korleis du formulerer deg.
Par: Del forslaga dine med sidemann. (3 minutt)
Plenum: Summer f.eks forslaga på flipover.
Last ned tom utgåve av Leseplanleggjaren til bruk i eiga undervisningsplanlegging her