Hopp til hovedinnhold

Oppdrag til neste gong

I den siste refleksjonsoppgåva brukte vi ein variant av IGP-metoden og fekk mange gode døme på korleis ein kan aktivere forkunnskapar. I tillegg såg vi døme på desse arbeidsmåtane i filmen: «bobla,» «kven skal ut?» og «møtast på midten.»

Oppdrag til neste gong:

Til neste økt skal du planlegge og gjennomføre minst to ulike måtar å aktivere eller bygge forkunnskap hos elevane dine på. Planlegg gjerne saman med ein kollega og start gjerne planlegginga nå. Bruk «Leseplanleggjaren» som mal.

Vel deg eit fag og eit emne. Det er viktig å gje elevane høve til å arbeide på denne måten meir enn ein gong. Bruk litt tid på å forklare elevane kvifor det er viktig å starte timen med dette.

På neste samling skal du dele erfaringane dine med dei andre i  gruppa (Kva gjorde du? Korleis gjekk det?)

Last ned foldaren her

Last ned tom utgåve av Leseplanleggjaren til bruk i eiga undervisningsplanlegging