Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakka

Her følger informasjon til deg som skal leie arbeidet med "Lesing og lesemotivasjon for helse- og oppvekstfag." Du vil finne ei oversikt over innhaldet i kompetanseutviklingspakka og forslag til korleis arbeidet kan gjennomførast.

 

Førebuing

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skolen har hatt tid til å bli godt kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Særleg viktig er det å ha sett seg godt inn i oppdraget til neste samling som kjem til slutt i kvar økt.

 

Målgruppe

“Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag” er retta mot alle lærarar som underviser i helse- og oppvekstfag i vidaregåande skole, men ressursen kan òg ha overføringsverdi til andre fag.

 

Organisering

Innhaldet er fordelt på åtte økter. Vi anbefaler at øktene vert gjennomført i kronologisk rekkefølge. Økt 1 og 2 heng tett saman og ein bør difor ikkje la det gå for langt tid mellom desse to øktene. Øktene vekslar mellom formidling gjennom film og refleksjonsoppgåver for deltakarane. Det kan vere ein fordel at du/de som leiar arbeidet har tenkt gjennom på førehand korleis personalet skal delast i grupper. Vi foreslår grupper på tre til fem. Deltek heile avdelinga kan ein vurdere om det er hensiktsmessig å dele inn etter trinn eller programfag. Vi ser det som svært viktig at du/de som leiar arbeidet set av godt med tid til refleksjonsarbeidet som er planlagt mellom øktelementa, og at du/de held fast på at oppdraga skal gjennomførast. Erfaring med kompetanseutvikling i profesjonelle læringsfellesskap viser at ny kunnskap først blir del av eksisterande praksis når deltakarane blir engasjert og utfordra til å prøve ut det dei har lært.

 

Økt 1 - Introduksjon: Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag

Denne økta har som mål at deltakarane reflekterer over kor viktig det er å arbeide med lesemotivasjon på HO og kva det vil seie å arbeide med lesing som grunnleggande ferdigheit i dette programområdet.

Forslag til arbeidsmåte i refleksjonsoppgåve 2: Prøv ut arbeidsmåten som blir kalla «Karusellen». Kvar formulering blir skriven ned på kvart sitt ark eller plakat. Plakatane blir hengte i rommet. Deltakarane blir delt inn i like mange grupper som det er plakatar og får til dømes tre minutt på kvar plakat til å skrive ned sine tankar. Dei kan gjerne ha kvar sin fargetusj slik at dei ulike bidraga kjem klarare fram. Når tida har gått, går gruppene vidare til neste plakat, til alle har vore innom alle plakatane. Gruppeoppgåva kan danne utgangspunkt for ei felles oppsummering der ein diskuterer kva formulering som utfordrar eigen eller skulen sin praksis.

 

Økt 2 - Leseprosessen

I denne økta er målet å vise korleis ein kan planlegge slik at undervisninga heng tett saman med mål og vurdering, og korleis ein kan arbeide med lesing som ein gjennomgåande prosess. Her vil ein gje konkrete døme på korleis ein kan aktivere og skape forkunnskap.

 

Økt 3 –  Erfaringsdeling

I denne økta er det sett av tid til å stoppe opp og dele erfaringar med utprøvingar i klasserommet. I tillegg er tanken at deltakarane får tid til å hente fram heile metodearkivet sitt knytt til det å aktivere eller bygge forkunnskap hos elevane. Som arbeidsmetode er det foreslått å  bruke «pedagogisk loppemarked». Metoden er grundig forklart i sjølve økta.

 

Økt 4 – Å arbeide med ord er å arbeide med fag

Målet for økta er å tenkje gjennom kvifor det å arbeide systematisk med ord og omgrep er så viktig. Gjennom praktisk arbeid med ein fagtekst erfarer lærarane at det ikkje berre er fagorda som kan vere ukjente for elevane, men og meir generelle akademiske ord og uttrykk. Vidare vert det vist eksempel på kva arbeidsmåtar ein kan nytte i klasserommet som kan støtte elevane i å lære nye ord og uttrykk.

 

Økt 5 – Å gje gode lesebestillingar

«Å gje gode lesebestillingar» viser korleis læraren kan målrette lesinga før elevane går i gang med å lese. Her vil og «trafikklysmetoden» bli nærmare presentert som ein måte å støtte elevane si forståing undervegs i leseprosessen.

 

Økt 6 – Erfaringsdeling

Målet for økta er på nytt å stoppe opp og dele erfaringar med utprøvingane så langt. For den som leiar arbeidet er det viktig å tenkje på kva som skal til for at nye erfaringar vert del av etablert praksis. I staden for å gå vidare til neste økt, kan ein f.eks vurdere om ein vil arbeide på nytt med ei av dei tidlegare øktene for å gjere utprøvinga og oppdraget på nytt. Det er ved å prøve ut meir enn ein gong at ein verkeleg kan integrere nye arbeidsmetodar i «verktøykassa».

 

Økt 7- Etterlesingsfasa

Økta «Etterlesingsfasa» vil sjå nærmare på kva det vil seie å tenkje som ein vurderer og korleis «Leseplanleggjaren» kan støtte læraren med å skape tydeleg samanheng mellom mål, vurdering og arbeidsmåtar. I økta vil ein og ta for seg etterlesingsfasa og korleis særleg det å oppsummere det ein har lese er ein god strategi for å lære.   

 

Økt 8 - Å gje gode skrivebestillingar

Målet med denne økta er å peike på kva som kjenneteiknar skriving og skriveoppgåver i helse og oppvekstfag. I læreplanen står det at elevane både skal «gjere greie for» og «drøfte». Økta vil gje praktiske eksempel på korleis læraren kan gje elevane opplæring i slike skriveoppgåver. 

 

Utstyr

Til alle øktene trengs det framvisningsutstyr med lyd.Til økt 2 bør deltakarane få utdelt foldaren “Leseplanleggjaren”. Han kan lastast ned frå denne adressa på nettsida til Lesesenteret:

http://lesesenteret.uis.no/boeker-hefter-og-materiell/boeker-og-hefter/leseplanleggjaren-article99091-12686.html

 

Rammer

Det er lagt opp til at arbeidet med ei økt vil ta ca 60 minutt. Økt 1 og 2 kan gjennomførast samanhengande og ved å inkludere sluttoppdraget, f.eks som del av ein planleggingsdag (ca tre timar).

 

Forankring i Kunnskapsløftet

Presentasjonane i denne pakka er i tråd med lesing og skriving som grunnleggande ferdigheit slik dei vert presentert i Kunnskapsløftet (LK06) og i ”Rammeverk for grunnleggende ferdigheter” (Utdanningsdirektoratet 2012). I økt 1 vil deltakarane sjå nærmare på konkrete formuleringer frå læreplanen knytt til lesing i helse- og oppvekstfag.

Det faglege innhaldet i pakka bygger på erfaringane Lesesenteret og Skrivesenteret har gjort gjennom sitt arbeid i FYR-prosjektet 2011-2016 (Fellesfag, yrkesretting og relevans). I rammeverket til FYR-prosjektet er yrkesretting definert slik “ Grunnleggende ferdigheter er integrert i læreplanene på fagenes premisser, og opplæring i grunnleggende ferdigheter er derfor en del av arbeidet med yrkesretting.” (Utdanningsdirektoratet).  

 

Kobling til andre kompetanseutviklingspakker og forslag til vidare arbeid

Det er anbefalt å starte med introduksjonspakka. Etter at ein har arbeidd med “Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag” kan det vere naturleg å gå vidare til “God skriveopplæring”, “God leseopplæring og/eller “Bruk av digitale verktøy i lese- og skrivearbeidet”. Pakka “God leseopplæring” vil tilby ei yttarlegare fordjuping i kva god leseopplæring er.

 

Litteratur:

Elstad, E. & Turmo, A. (Red.). (2006) . Læringsstrategier. Søkelys på lærernes praksis. Oslo: Universitetsforlaget.

Fjørtoft, H. (2009). Effektiv planlegging og vurdering. Læring med mål og kriterier i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.

Kverndokken, K. (2012). 101 måter å lese leseleksa på – om lesing, lesebestillinger og tekstvalg. Bergen: Fagbokforlaget.

Nagy, W.E. & Townsend, J.A. (2012). Words as tools: Learning Academic Vocabulary as Language Acquisition. Reading Research Quaterly, 1, 91-108.

National Reading Panel (2000). Teaching children to read. An evidence based assessment of the scientific research literature on reading and its implications for reading instruction: Reports of the subgroups. Bethesda, Maryland: National Institute of Child Health and Human Development.

Roe, A. (2011). Lesedidaktikk – etter den første leseopplæringen. Oslo: Universitetsforlaget.

Santa, C.M., Havens, L.T. & Valdes, B. (2004). Project CRISS. Creating Independent through Student-owned Strategies (3.utgave). Iowa: Kendall/Hunt publishing company.

Det faglege innhaldet i pakka bygger på erfaringane Lesesenteret og Skrivesenteret har gjort gjennom sitt arbeid i FYR-prosjektet 2011-2016.