Hopp til hovedinnhold

Refleksjonsoppgåve

Eit sentralt bodskap i filmen «Å gje gode skrivebestillingar i helse- og oppvekstfag» er at elevane må få klare føringar for kva som er forventa. I tillegg blir det nemnt at elevane treng støtte og rettleiing gjennom heile skriveprosessen.

 

Diskuter i grupper eller plenum:

A: Kva grep i filmen er overførbare til di undervisning?

B: I filmen blir det nemnt at elevane kan ha nytte av å lese modelltekstar for at skrivebestillinga skal bli meir forståeleg. Kva for erfaring har du med å bruke modelltekster på HO? Kva er positivt med modelltekster og kva kan vere negativt?

C: I filmen blir det nemnt at skriveprosessen kan vere individuell eller at elevane kan skrive saman i grupper. Kva for erfaring har de med samskriving? Kva kan vere fordeler eller ulemper med samskriving?