Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakka

Her finn du informasjon om kompetanseutviklingspakka Nynorsk som sidemål  for videregåande skole til deg/dykk som skal leie arbeidet på skolen. Her er ei oversikt over innhaldet i pakka, og framlegg til korleis de kan gjennomføre arbeidet.

Førebuing: Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet har hatt tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det er særleg viktig at du/de har sett på kva refleksjonsoppgåver ein skal arbeide med, og kva som er oppdraget til neste gong. De bør også ha tenkt igjennom kva som vil vere den beste organiseringa på skolen dykkar.   

Målgruppe: Pakka Nynorsk sidemål for vidaregåande er retta mot lærarar som underviser i norsk, og for andre som er interesserte i å få til ei god nynorskopplæring.

Organisering: Innhaldet i pakka er fordelt på økter. Her finn du ei veksling mellom refleksjonsoppgåver, filmar og andre tekstar. Det er viktig at den/de som leier arbeidet set av nok tid til refleksjon, samtale og oppsummering, og at de held fast på at det er oppdrag som skal prøvast ut i klasserommet mellom øktene. Først då kan ein få til ei kompetanseheving i personalet. Tenk på kva som kan vere god gruppestorleik hos dykk, kven som skal vere med, og korleis ein skal dele inn; etter trinn, etter fag eller på tvers av etablerte grupper. Vi tilrår at de arbeider med øktene i den rekkefølgja dei kjem.

Økt 1. Å kome i gang med sidemålsarbeidet.

Les gjerne innleiinga til økta saman. Manuset til fagfilmen er vedlagt dersom de vil skrive ut. Gje ut dei to spørsmåla som kjem i starten av økta til deltakarane i god tid på førehand, og bed dei skrive ned nokre stikkord kvar. Desse stikkorda dannar utgangspunkt for ein samtale om korleis de oppfattar at sidemålsarbeidet på skolen er, og kva utfordringar de har. Erfarings­delinga i starten av økta er eit viktig grunnlag for det vidare utviklingsarbeidet.  Her bør de sørge for at alle deltakarane kjem til orde.

De bør sjå intervjuet med Hjalmar Eiksund i fellesskap. Finn fram kompetansemåla i fagplanen på førehand. Det er mogleg at refleksjonsoppgåvene i etterkant av filmen tar lengre tid enn 20 minutt. Ha også fokus på at alle skal prøve ut oppdraget før neste økt i klasserommet. Finn gjerne fram boka vi tilrår til vidare lesing og send rundt, eller du kan kopiere opp artiklane til deltakarane. Ta stilling til om teksten/ane er noko ein skal arbeide med aleine eller i fellesskap.

Økt 2. Å arbeide med kreativ skriving.

Erfaringsdelinga i starten av økta er eit viktig framhald av oppdraget mellom øktene, og det er viktig å ha fokus på det som har fungert bra. Det er bra at ein tenker over kva som har fungert godt i klassen og kvifor, og korleis ein kan ta med seg erfaringane i det vidare arbeidet. Her bør de sørge for at alle deltakarane kjem til orde.

Lat lærarane prøve seg på skriving i fem minutt. Det er ikkje meininga ein skal diskutere kva den einskilde læraren har skrive, men det er eit poeng at lærarane får prøvd seg på tenkeskriving.

Denne økta inneheld ein film og refleksjonsoppgåver knytt til filmen og til eigen praksis. Fagfilmen er knytt til spørsmåla: Kva er kreativ skriving? Kvifor drive med kreativ skriving på sidemålet? Korleis drive med kreativ skriving på sidemålet? Pass på at alle deltar i diskusjonen etterpå. Dersom dei tre spørsmåla er for mange, så vel de dei som høver best for dykk.

Økt 3. Kreativ skriving - del 2

Her kjem eit intervju med forfattar og skrivekurslærar Marianne Clementine Håheim. I filmen fortel ho både om kvifor kreativ skriving har ein verdi i skriveopplæringa i skulen, og i tillegg kjem ho med konkrete tips til lærarane. I etterkant av filmane jobbar de med oppgåver knytt til eigen praksis. Finn gjerne fram boka vi tilrår til vidare lesing og send ho rundt.

Det vil komme fleire økter i denne pakka. Vi planlegg ei økt om å arbeide samanliknande og kontrastivt, ei økt om språkdusjmetodikk og ei økt om korleis ein kan arbeide med nynorsk litteratur. Til slutt vil det vere ei økt der de på skolen oppsummerer dei erfaringane de har gjort og planlegg sidemålsarbeidet framover.

Økt 4: Nynorsk som aktivt bruksspråk.

Økta startar som vanleg med ein refleksjon over det de har gjort med skriving i klasserommet. I den femte økta er hovudfokuset korleis ein kan gjere elevane meir vant med å sjå og bruke nynorsk i ulike samanhengar. Kristin Kibsgaard Sjøhelle snakkar om korleis ein kan bruke ein språkdusj-metodikk i praksis, og ho kjem med mange konkrete forslag. Ta notarar medan de ser filmen. Finn ut kva de på skolen hos dykk synest er gode tips som de kan gjennomføre med elevane. Finn gjerne fram artikkelen til Sjøhelle som er tilrådd som vidare lesing.

Økt 5: Å arbeide med nynorsk litteratur som utgangspunkt for skriving.

Det kan vere utfordrande å finne fram til nynorske bøker som kan høve godt for elevane i ungdomsskolen, og her finn de ein kort artikkel som handlar om kvifor elevane skal lese nynorske tekstar og tips til bøker som kan passe for aldersgruppa. Tenk over kvifor det er viktig at elevane les mykje nynorsk, og korleis de kan få til meir lesing av nynorsk litteratur i klasserommet.  Les artikkelen, og diskuter synspunkta som kjem fram der.

Ein kan gjerne bruke skjønnlitterære tekstar som utgangspunkt for skriving. Vedlagt finn de eit utdrag av Aina Bassos Inn i elden, men det er også råd å velje ein annan litterær tekst om de vil det. Den litterære teksten skal først og fremst fungere som  ein inspirasjon til at elevane skal skrive sjølv. Teksten kan lesast høgt i klasserommet, eller elevane kan lese sjølv.

Her finn de også ei skriveramme som kan passe til utdraget frå Inn i elden. Skriveramma kopierer de først opp til lærarane som bruker nokre minutt på å sjølv fylle inn i skriveramma. Er dette ei skriveramme som kan fungere for elevane dykkar, eller bør de gjere tilpassingar? Så kopierer de opp skriveramma til elevane, og prøver ho ut i klasserommet.

Økt 6: Erfaringsdeling, oppsummering og vegen framover.

Nå er det tid for å tenke over kva som har fungert godt medan de har arbeidd med kompetansehevingspakka for nynorsk sidemål. Korleis har det ført til endra praksis på skolen? Korleis vil de arbeide vidare med nynorsk sidemål framover?

 

Kompetansemål i læreplanen:

Vg 1 studiespesialisering og vg 2 yrkesfag

  • lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål
  • gjøre rede for argumentasjonen i andres tekster og skrive egne argumenterende tekster på hovedmål og sidemål
  • skrive kreative tekster på hovedmål og sidemål med bruk av ulike språklige virkemidler

Vg 2 studiespesialisering og påbygging

  • lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer
  • skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål

Vg3 studiespesialisering og påbygging

  • lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid
  • skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster