Hopp til hovedinnhold

Oppdrag før neste økt: Språkbiografi

La elevane skrive språkbiografien sin. Snakkar dei ei dialekt som dei alltid har snakka, eller har dei endra talemålet sitt? Korleis snakkar foreldra og besteforeldra deira? Kor mange språk kan dei sjølv, både munnleg og skriftleg? I kva samanhengar bruker dei dialekt (både munnleg og skriftleg), og i kva samanhengar bruker dei eit av skriftspråka?

Det er eit poeng å få fram at elevane kan mykje om språk allereie. Språket er i stadig endring, og mangfaldet og den store variasjonen er ein ressurs ein kan trekke inn i det vidare arbeidet. Denne språkbiografien kan hengast opp i klasserommet, eller elevane kan dele munnleg med kvarandre.