Hopp til hovedinnhold

Nokre utfordringar med nynorsk som sidemål

Fleire av kompetansemåla i fagplanane for norsk for vidaregåande skole seier at elevane skal ha kompetanse i bokmål og nynorsk. Dei skal ha kunnskapar om nynorsk og bokmål, om språkhistorie, språkdebatt og språkpolitikk, og dei skal kunne lese og tolke tekstar i ulike sjangrar på nynorsk og bokmål.  Elevane skal kunne skrive ulike typar tekstar i både hovudmål og sidemål, og dette impliserer at dei skal beherske begge målformer like godt. Bokmål og nynorsk er likeverdige skriftspråk i kompetansemåla, men korleis kan ein oppnå at elevane verkeleg får denne kompetansen? Mange lærarar har opplevd at det er nokre utfordringar med å lære elevane nynorsk sidemål.

I denne filmen vil Reidun Kydland ved Nynorsksenteret peike på nokre utfordringar i nynorskopplæringa, men og på nokre moglegheiter som finst til å styrke og utvikle opplæringa.

Noter gjerne ned sentrale moment frå filmen.