Hopp til hovedinnhold

Oppdrag: Å lese samansette tekstar

Som det blei uttrykt i fagfilmen bør ein som samfunnsfagslærar ”bevisstgjere og vise elevane korleis tekstane i faget er konstruert, og korleis ein skal tolke samspelet mellom modalitetane”.

I oppgåva Leselogg: Multimodale tekstar i samfunnsfag, finn du eit forslag til korleis ein kan auke elevane si innsikt i desse fagtekstane. Gå først gjennom oppgåva saman. Deretter skal du, gjerne saman med ein kollega, planleggje eit undervisningsopplegg der du: 1. formidlar kunnskap om samansette tekstar i faget, og: 2. gjennomfører oppgåva ”Leselogg”. Til neste økt skal du dele erfaringane dine med desse to oppgåvene. Kva gjorde du, og korleis gjekk det?

 

*Alternativ oppgåve  

Å pakke opp tekst ved bruk av startsetningar: La elevane velje ut ein illustrasjon og eit kart eller ei oversikt over statistikk frå det emnet de arbeider med. Forklar kva vi meiner med å ”pakke opp” tekstar som dette, og be dei arbeide med oppgåva til dei to tekstane.

Bruk startsetninga: Illustrasjonen/kartet/statistikken viser at … (Skriv ca. 200 ord til kvar av tekstane.)