Hopp til hovedinnhold

Oppsummerande diskusjon og oppdrag

Oppsummerande diskusjon:

  • I den innleiande refleksjonen skreiv de stikkord om kva de opplever som særleg utfordrande i samfunnsfagsundervisninga. Har du no nokre nye tankar om kva de kan gjere for å møte desse utfordringane?
     
  • Kva vil du gjere meir av eller annleis i di undervisning for å utvikle kritisk literacy hos elevane?

Oppdrag:

Ta utgangspunkt i modellen som viser kritisk literacy. Vel ut eitt av elementa i modellen som du vil arbeide vidare med i undervisninga di. Planlegg og prøv ut saman med ein kollega.

Avtal når de vil møtast igjen for å dele erfaringar frå gjennomføringa, og planlegg gjerne fleire undervisningsopplegg og utprøvingar.