Hopp til hovedinnhold

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga – på veg mot kritisk literacy

I denne fagteksten går universitetslektorane Trude Alfsvåg og Stine Aarønes Angvik nærare inn på kva lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga kan vere. Mens de les artikkelen, kan de tenke over eigen undervisningspraksis i høve til desse perspektiva. Med utgangspunkt i artikkelen, kan de så diskutere følgjande spørsmål undervegs eller i etterkant av lesinga.

Spørsmål til diskusjon etter lesing:

Tenk først over sjølv og diskuter i gruppa etterpå.

Lesing:

Ta utgangspunkt i dei siste tekstane du las saman med elevane dine:

  • Kva lesemåtar tok elevane i bruk i møte med tekstane?
  • Kva gjorde du for å sikre at elevane si lesing og faglege forståing blei ivaretatt?
  • Korleis kan ein arbeide med tekstar for å utvikle elevane sin kritisk literacy-kompetanse?


Skriving:

Ta utgangspunkt i dei siste skriveoppgåvene du ga i faget ditt:

  • Kva var dei største utfordringane knytt til skrivinga?
  • Kva gjorde du for å imøtegå desse utfordringane?
  • Kva for skriveoppgåver kan bidra til å utvikle elevane sin kritisk literacy-kompetanse?


Munnlegheit:

Ta utgangspunkt i dei siste munnlege oppgåvene du gjennomførte med elevane i faget ditt:

  • Kva var dei største utfordringane knytt til dei munnlege oppgåvene?
  • Kva gjorde du for å sikre at elevane sine munnlege ferdigheiter blei utvikla?
  • Kva for munnlege oppgåver kan bidra til å utvikle elevane sin kritisk literacy-kompetanse?