Hopp til hovedinnhold

Erfaringsutveksling: Å støtte elevane si skriving i samfunnsfaga

I grupper: Ta med nokre av førsteutkasta til elevane og lista over delferdigheiter som elevane kan ha utfordringar med. Vel ut ein eller to elevtekstar som de anten tenkjer er representative for elevgruppa, eller som synleggjer utfordringar elevane har når dei skriv samfunnsfaglege tekstar.

Diskuter (10-15 minutt på kvar del):

 

1. Skriveprosessen

  • Kva for delferdigheiter retta de fokus mot i undervisninga?
  • Kva for støtte la de opp til i skrivinga?
  • Ser de spor i førsteutkastet av den støtta elevane fekk?

 

2. Undervegsvurdering

  • Kva for respons bør elevane få?
  • Kva for vekstpunkt eller delferdigheiter er det mest hensiktsmessig å rette elevane sitt fokus mot?

 

3. Fellesrespons

Fellesrespons er ei effektiv form for undervegsvurdering. Med samtykke frå elevane kan konkrete elevtekstar som syner felles vekstpunkt brukast når de skal revidere tekstar i fellesskap.

  • Kva for utfordringar gjekk igjen i førsteutkasta?
  • Korleis kan ein legge opp til effektiv fellesrespons ut frå eit eller to vekstpunkt?
 
Til slutt
 
Skriveopplæring er ein langsiktig prosess der vi ikkje alltid kan forvente umiddelbare resultat. Derfor vil vi oppfordre til å arbeide vidare med ulike delferdigheiter og ulike former for undervegsvurdering og respons i samfunnsfaglege skriveprosessar.