Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakken

Her er informasjon om “Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga” til deg/de som skal leie arbeidet i kollegiet. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i pakken og idear til korleis arbeidet kan gjennomførast. 

Førebuing:

Det er viktig at du som skal leie arbeidet på skulen har hatt tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det er særleg viktig at du har sett deg godt inn i oppdraget til neste samling. Det ligg heilt til sist i kvar økt.

 

Målgruppe:

“Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga” er ein fagspesifikk kompetanseutviklingspakke retta mot lærarar i samfunnsfag i ungdomsskulen og lærarar i fellesfaga samfunnsfag, historie og geografi og samfunnsfaglege programfag i vgo.

 

Organisering:

Pakken består av åtte økter der kvar økt tar for seg ulike sider ved lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga. Kvar økt vil veksle mellom å formidle fagstoff gjennom for eksempel filmsekvensar eller artikkellesing, og opne for refleksjon aleine, i grupper og i fellesskap. Mange av spørsmåla som vert reist og oppgåvene som blir gitt til utprøving kan med fordel gjerast fleire gonger. Vi ser det som svært viktig at du som leiar arbeidet set av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget til neste økt. I profesjonelle læringsfellesskap har arbeidet med å utvikle kvaliteten på undervisninga best vilkår på skular der lærarane samarbeider og deler kunnskap og erfaringar (Elstad & Helstad, 2014).

 

Det kan vere ein fordel å opprette ei felles mappe der de lagrar oppgåver, notat og undervisningsopplegg de lagar i løpet av arbeidet med denne pakka. Øktene byggjer på kvarandre, så ta vare på dokumentasjon av arbeidet undervegs.

 

Utstyr:

Til øktene trengs det framvisingsutstyr, og til økt 1 og 2 trengs det også lyd.

 

Rammer:

Det vil ta ca 60 min å gjennomføre økt 1, 2, 4, 6 og 8, men det kan vere ein fordel å setje av enda litt meir tid for å gå grundig inn i diskusjonane. Til erfaringsutvekslingsøktene 3, 5 og 7 tilrår vi mellom 40-45 min.

 

Kobling til andre kompetanseutviklingspakker:

Denne kompetanseutviklingspakken bygger vidare på oppstartspakken ”Å være lese- og skrivelærer». Det er anbefalt å starte med denne. Dei to fagovergripande pakkane «God leseopplæring» og «God skriveopplæring» vil også innehalde mykje relevant fagstoff for lærarar i samfunnsfaga.

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:

Økt 1 - Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga

Denne økta presenterer kva som kjenneteiknar lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga og korleis ein kan arbeide med desse grunnleggjande ferdigheitene i undervisninga. Element som kan printast ut og kopierast opp før økta:

 

Økt 2 - Språk, lesing og tekstarbeid i samfunnsfaga

Denne økta ser nærare på lesing i samfunnsfaga, og nyttar geografi som eksempel på teksttypar som kan by på utfordringar for elevane. Fagområdet geografi gjer i stor grad bruk av representasjonar, som kart, fotografi og illustrasjonar. Å lese desse tekstene er ikkje det same som å lese ein lineær tekst, som for eksempel brødteksten i læreboka. Mange elevar er ikkje medvitne om kva verdi bilete, illustrasjonar og andre visuelle uttrykk har for å forstå fagstoffet (Løvland 2011).  

Under filmen/førelesinga «Lesing i samfunnsfaga» kan det vere ein god ide å ta notat undervegs, då filmen er informasjonstett. Det kan også vere nyttig å stoppe opp for å oppsummere innhaldet undervegs.

Det er to forskjellige forslag til oppdrag som handlar om å lese samansette tekstar. Planlegg gjerne utprøving av begge over tid, eller prøv ut forskjellige varianter av korleis ein kan bevisstgjere elevane på å tolke samspelet mellom ulike tekstelement. Til oppdraget kan ein printe ut og kopiere opp «Leselogg».

 

Økt 3 – Erfaringsdeling og vidare arbeid med lesing i samfunnsfag

For å sikre eit felles fokus i erfaringsdelinga vil det vere nyttig om alle presenterer data frå utprøvinga, som å leggje fram tekst(ar) og oppgåvene det vart arbeida med. Konkrete eksempel på elevsvar er også gode data for felles refleksjon.

I denne økta ligg det også ved eit undervisningsopplegg som kan printast ut og kopierast opp før økta.

 

Økt 4 – Å stille spørsmål som fremmer engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunsfaga

I denne økta skal de drøfte på kva måte autentiske samfunnsfaglege spørsmål kan opne for engasjement og refleksjon.

Økt 6 legg opp til at ein kan arbeide vidare med spørsmål/påstandar som vart arbeidd med her i økt 4, så ta vare på dokumentasjon av arbeidet undervegs.

Følgjande dokument kan bli printa ut  og kopiert opp før økta:

Artikkelen: "Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga”.
Steg-for-steg-oppskrift til å lage spørsmål og påstander.

 

Økt 5 – Erfaringsdeling og vidare arbeid med spørsmål som fremmer engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunsfaga

For å sikre eit felles fokus i erfaringsdelinga vil det vere nyttig om alle presenterer data frå utprøvinga, som å leggje fram tekst(ar) og oppgåvene det vart arbeida med. Konkrete eksempel på elevsvar er også gode data for felles refleksjon.

 

Økt 6 – Å støtte elevane si skriving i samfunnsfaga

Denne økta handlar om korleis lærarar kan støtte elevane si skriving i samfunnsfaga. Økta kjem inn på korleis læraren kan støtte elevane si skriveutvikling gjennom bruk av skriverammer, skriveoppgåver og undervegsvurdering.

Før økta må dette domumentet skrivast ut til alle deltakarane:

Til utskrift - Alle dokument i økta - Artikkel, skriverammer og liste over delferdigheiter.

 

Økt 7 – Erfaringsutveksling: Å støtte elevane si skriving i samfunnsfaga

I denne økta skal lærarane utveksle erfaringar frå skiveprosessane dei har gjennomført, og deretter vurdere korleis dei kan arbeide vidare med undervegsvurdering og fellesrespons. Lærarane skal ta med seg dokumenta frå økt 6 og nokre av elevane sine førsteutkast. 

 

Økt 8 - Oppsummering og vidare utforsking i samfunnfaga

Målet for økta er å oppsummere erfaringar frå arbeidet med lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga, gjere seg kjent med kjerneelementa, og identifisere kva område de ønsker å arbeide vidare med.

 

Be lærarane om å ta med arbeid som er blitt gjort i pakken.

 

Følgjande dokument kan bli printa ut  og kopiert opp før økta:

 

Forankring i Kunnskapsløftet:

Innhaldet i denne pakken bygger på lesing, skriving og munnlegheit som grunnleggjande ferdigheit, slik det blir presentert i Kunnskapsløftet (KL06) og i ”Rammeverk for grunnleggende ferdigheter” (Udir 2012). I øktene vil ein konkret gå inn på nokre av desse formuleringane, og gje eksempel på tekstar og ulike lesemåtar som er i tråd med faget sin eigenart.