Hopp til hovedinnhold

Oppdrag: Utarbeide rik skriveoppgåve med tilhøyrande skriveramme

De har diskutert kva som kan vere utfordrande for elevane når dei skal skrive samfunnsfaglege tekstar. I vedlegget under gir vi eksempel på delferdigheiter som kan vere utfordrande for mange elevar undervegs i skriveprosessen.

 

Forarbeid til oppdraget (10 minutt):

  • Les teksten «Delferdigheiter i samfunnsfagleg skriving».
  • Diskuter i grupper kva for delferdigheiter elevane har størst utfordringar med.

 

Oppdrag til neste økt (5 minutt):

Avtal samarbeidstid med ein eller fleire kollegaer der de planlegg ein skriveprosess:

  • Bruk oversikta og samarbeid om å lage ei skriveoppgåve som gjer at elevane kan øve på nokre av desse delferdigheitene. De kan i tillegg ta utgangspunkt i dei påstandane og spørsmåla de utarbeidde i økt 4. 
  • Temaet for skriveoppgåva bør vere noko elevane allereie har arbeidd med i faget. Eit alternativ kan vere å la oppgåva ta utgangspunkt i ein eller fleire dagsaktuelle tekstar frå aviser. Under har vi lagt ved to eksempel på slike dagsaktuelle tekstar som kan danne utgangspunkt for ei samfunnsfagleg skriveoppgåve.
  • Diskuter kva elevane vil trenge av støtte i skriveprosessen. Det er ikkje eit mål at de skal støtte alle delferdigheitene i denne skriveprosessen, og det kan godt hende at ulike elevar treng ulik støtte. Diskuter derfor kva for delferdigheiter de særleg ønskjer å tematisere i denne prosessen. Lag for eksempel ei tilpassa skriveramme til skriveoppgåva. 
  • Gjennomfør arbeidet i klasserommet, slik at elevane skriv eit førsteutkast dei leverer inn, der dei kan få undervegsvurdering frå ein medelev eller læraren.
  • Ta med lista over delferdigheiter og nokre av elevane sine førsteutkast til økta der de skal utveksle erfaringar.