Hopp til hovedinnhold

Oppdrag og utprøving

I artikkelen «Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga» vert det vist til kva Heather Lattimer (2008) meiner kjenneteiknar essensielle spørsmål i samfunnsfaga:

  1. Spørsmåla tek opp dei store ideane i historie/samfunnsfag.
  2. Spørsmåla har meir enn eitt akseptabelt svar.
  3. Spørsmåla forbinder fortida til notida.

Oppdraget er å samarbeide om å formulere engasjerande spørsmål eller utfordrande påstandar og prøve ut desse i eiga undervisning.

Samarbeid i par eller faggrupper:

  1. Ta utgangspunkt i eitt eller fleire kompetansemål i faget som de skal arbeide med i nær framtid. Prøv ut korleis de kan formulere engasjerande spørsmål eller utfordrande påstandar som fremmar deltaking, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga. Bruk vedlegget Å formulere engasjerande spørsmål og utfordrande påstandar. Drøft korleis spørsmålet/påstanden er eigna til å engasjere elevane til utforsking og kritisk tenking.
     
  2. Planlegg og gjennomfør eit undervisningsopplegg som dreier seg rundt eitt av dei sentrale samfunnsfaglege spørsmåla eller ein av påstandane de diskuterte.  Drøft korleis spørsmålet/påstanden kan tilpassast undervisningssituasjonen. Ta vare på dokumentasjon/data (som spørsmål, påstandar, tekstar, elevsvar) frå gjennomføringa som viser korleis elevane arbeidde med spørsmåla/påstandane. 

Ta vare på spørsmål og påstandar de formulerer i denne økta. Dei kan også brukast som utgangspunkt i økt 6, som handlar om å utvikle sjølvstending og kritisk tenking gjennom skriving.