Hopp til hovedinnhold

Innleiande refleksjon

Målet for denne økta er å drøfte på kva måte samfunnsfaglege spørsmål kan opne for engasjement og refleksjon i undervisninga.

Start økta med å tenkje over og dele med kvarandre:

  • Korleis pleier du å starte eit emne eller ei undervisningsøkt i samfunnsfaga?
     
  • Har du eksempel på spørsmål eller problemstillingar du har brukt som utgangspunkt for å setje elevane i gang med å utforske noko i samfunnsfaga?
     
  • Kva type spørsmål og påstandar får deg engasjert i samfunnsfagsrelevante diskusjonar?

Tenk/noter individuelt i 2 minutt før de deler med kvarandre og registrerer like og ulike erfaringar.