Hopp til hovedinnhold

Fagtekst: Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga

Som den første fagfilmen i denne pakken peika på, er ei av skulen sine viktigaste oppgåver å utvikle elevane sine evner til sjølvstendig og kritisk tenking. For å setje elevane i stand til dette, må dei kunne stille spørsmål, formulere problemstillingar og vere utforskande. Det inneber å kunne undre seg, gjennomføre undersøkingar og forstå korleis kunnskap blir til. Elevar må òg få rom til å uttrykke si nysgjerrigheit og vere aktivt kunnskapsskapande. Den følgjande fagteksten, skriven av Hanne Egenæs Staurseth, Ph.d-student ved Lesesenteret, UiS,  ser nærare på korleis lærarar kan legge til rette for spørsmålsbasert undervisning i samfunnsfaga. Artikkelen dannar grunnlag for vidare drøfting og arbeid.