Hopp til hovedinnhold
ikon bok og bokmerke

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga

Korleis kan arbeid med lesing, skriving og munnlegheit støtte elevane si faglege utvikling i samfunnsfaga? Og korleis kan ein som lærar hjelpe elevane til djup samfunnsfagleg kunnskap og forståing, som dei kan ta med seg vidare i studiar, jobb og samfunnsliv?

Dette er blant spørsmåla som vert utforska i denne kompetanseutviklingspakka. Gjennom å arbeide med lesing, skriving og munnlegheit  i samfunnsfaga skal elevane få ei forståing av sitt eige samfunn, tida dei lever i og menneska rundt seg, både med eit fortidig, notidig og framtidig perspektiv. Dei skal forstå seg sjølv i verda. Samtidig er samfunnet vårt prega av ei overveldande mengd informasjon og er i stadig endring. Gjennom arbeid med faget sine tekstar får elevane moglegheit til å vere kritisk spørjande og øve opp eit analytisk blikk til å sjå motiva bak ulike ytringar.

Sentrale spørsmål

  • Kva kjenneteiknar lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga?

  • Korleis kan ein arbeide med tekstar i samfunnsfaga for å utvikle elevane sin kritisk literacy-kompetanse?

  • Kva utfordringar kan elevar oppleve i møte med faget sine tekstar – og korleis møter vi som lærarar desse utfordringane?

  • Kva for tekstpraksisar er sentrale for samfunnsfaga?

  • Korleis kan ein støtte elevane i lesing og skriving av tekstar i faga?

  • Korleis kan faglege spørsmål skape engasjement og kritisk tenking?

Pakken er laga av Stine Aarønes Angvik, Trude Alfsvåg, Hanne Egenæs Staurseth, Unni Fuglestad, Peter Mørk og Bente Skartveit.

Bruk av pakken