Hopp til hovedinnhold
Lesing av ulike kjelder

Lesing av ulike kjelder om same tema

I den overordna delen til læreplanverket står det at elevane skal kunne vurdere ulike kjelder til kunnskap og tenke kritisk om korleis ny kunnskap vert utvikla.

For at elevane skal kunne utvikle kritisk tenking er det viktig at dei les ulike tekstar, i tillegg til læreboka, med ulike perspektiv på ei sak, og drøfter desse saman med andre. I denne ressursen er målsettinga å bygge ei felles forståing for kvifor ein bør jobbe med multiple tekstar i skulen og korleis dette kan gjerast.

Sentrale spørsmål

  • Kvifor er det viktig å jobbe med multiple tekstar og kritisk lesing i skulen?
  • Korleis kan multiple tekstar stimulere til djupneforståing?
  • Korleis arbeide med multiple tekstar i klasserommet?

 

Fagleg ansvarleg for pakka er førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, Høgskulen i Volda, utvikla i samarbeid med Marit Wadsten, Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, og Unni Fuglestad, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Bruk av pakken