Hopp til hovedinnhold

Oppdrag: Observasjon av elevar i klasserommet

Kva utfordringar har elevane dine når det gjeld å utvikle seg som gode lesarar?  

Ta for deg eit fag du underviser i, vel ut 2–3 elevar du tenker har forskjellig lesekompetanse og som er representative for klassen. Du skal observere, og gjerne samtale med, desse elevane i ein bestemt periode, t.d. ei veke. Du kan ta for deg lista med moment frå den første fagfilmen. Sjå f. eks. på korleis desse elevane les og spør dei om kva dei gjer før/under/etter lesing.

Diskuter gjerne i grupper korleis de praktisk vil gjennomføre observasjonen. Vil det vere hensiktsmessig å utarbeide eit skjema som støtte?