Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakken

Her er informasjon om “God leseopplæring” til deg/de som skal leia arbeidet i kollegiet. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i pakken og idear til korleis arbeidet kan gjennomførast.

Førebuing:

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skolen, har hatt tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det er særleg viktig at ein har sett seg godt inn i oppdraget til neste samling. Det ligg heilt til sist i kvar økt.

 

Målgruppe:

“God leseopplæring” er fagovergripande og er retta mot alle lærarar som arbeider i ungdomsskolen og på vidaregåande skole.

 

Organisering:

Pakken består av i alt fem fagøkter der kvar økt tar for seg ulike sider ved lesing som grunnleggjande ferdigheit. Kvar økt vekslar mellom å formidle fagstoff og å opne for arbeid med refleksjonsoppgåver aleine, i grupper og i plenum. Vi ser det som svært viktig at den/dei som leiar arbeidet, sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget til neste økt. Det er når eigen praksis vert gjenstand for refleksjon at eigen praksis kan endre seg.

I økt 1, 7 og 9 skal deltakarane lese tekst. Den som leiar arbeidet bør vurdere på førehand om tekstane skal lesast på skjerm eller skrivast ut på papir.

Det vil vere nyttig å ha tenkt gjennom inndeling i grupper og gruppestørrelse på førehand. Vi anbefaler å setje saman faste grupper av lærarar som arbeider i lag med gjennomføringa av heile pakken. Sjølv om innhaldet er fagovergripande og kan tilpassast og brukast i alle fag, kan det vere ein god idé at lærarar med felles fag arbeider saman i faggrupper. Eit anna alternativ kan vere å ta utgangspunkt i trinn eller team.

Økt 1 - Kva er lesing?

I den første økta ser vi nærmare på kva lesing er og i kva grad det utvida synet på lesing som rår i dag, er omsett til praksis i den leseopplæringa ein utøver på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole. Her kjem vi òg inn på kva forsking seier kjenneteiknar den gode lesaren samt kva som viser seg å vere fellestrekk ved undervisninga til dei lærarane som lukkast med leseopplæringa i klasserommet.

Økt 2 - Erfaringsutveksling

Observasjon av lesekompetansen til elevane er tenkt som ei oppfølging av oppdraget gitt i økt 1. Det er viktig at deltakarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå praksis før dei går i gang med ei ny økt.

Økt 3 -  Engasjement og forkunnskap

Korleis kan læraren skape auka engasjement for lesing? I denne økta lyttar vi til kva ei gruppe elevar ser som viktig i læraren si planlegging for engasjement, og vi får innsyn i kva forsking trekker fram som sentrale moment. Økta gjev òg ei innføring i kor viktig førlesingsfasen er i denne samanhengen. Her blir det viste konkrete eksempel på aktivitetar som på ulike måtar aktiverer eller byggjer forkunnskap.

Økt 4 - Erfaringsutveksling

Økta er tenkt som ei oppfølging av oppdraget gitt i økt 1. Det er viktig at deltakarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå planlegginga og gjennomføringa av oppdraget frå førre økt. I økta er det òg eit leseoppdrag og ei lita skriveoppgåve til neste samling. Den som leiar arbeidet bør vurdere om deltakarane skal få tid til å gjere dette som del av erfaringsutvekslingsøkta.

Økt 5 - Arbeid med ord og begrep

Intensjonen med denne økta om språklege ferdigheiter, er å bli meir bevisste på kva for utfordringar elevar kjenner på i møte med skulen sine tekstar og korleis ein som leselærarar kan hjelpe dei i ulike fag sine tekstar og tekstkulturar. I øktelementet «Innleiande refleksjon» skal deltakarane velje den teksten som er «mest ukjent». Den som leiar samlinga bør passe på at dei som veit kva «Green text-forteljingar» er, vel ein av dei andre tekstane.

Økt 6 - Erfaringsdeling

Økta er tenkt som ei oppfølging av oppdraget gitt i økt 5. Det er viktig at deltakarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå planlegginga og gjennomføringa av oppdraget frå førre økt.

Økt 7 -  Å utvikle strategiske lesarar

Kva er det strategiar og strategisk tilnærming eigentleg handlar om? I økta argumenteres det for at metoden eller verktøyet ikkje er eit mål i seg sjøl. Me ser nærare på korleis ulike tilnærmingar kan hjelpe elevar å hugse, organisere, utdjupe og overvake lesing si. Det er også eit mål å bevisstgjere læraren på kva det vil seie å modellere, og få fram at dette er arbeid som må vere langsiktig, strukturert og systematisk frå læraren si side før elevane meistrar det sjølvstendig. I refleksjonsoppgåva er IGP-metoden føreslått som arbeidsform. Det vil seie at deltakarane først løyser oppgåva aleine og deretter går i grupper. Til slutt kan gruppene dele sine refleksjonar i plenum.

Økt 8 - Erfaringsdeling

Økta er ei oppfølging av oppdraget gitt i økt 7. Det er viktig at deltakarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå planlegginga og gjennomføringa av oppdraget frå førre økt.

Økt 9 - Å utvikle tekstkompetanse

Det er ulike utfordringar ein som lærar bør vere merksam på når ein skal leggje til rette for at elevane utviklar god tekstkompetanse som gjer dei i stand til å orientere seg i tekstar på ein hensiktsmessig måte. Denne økta ser på nokre av desse utfordringane, som kan vere knytt til typiske trekk ved utforming av pedagogiske tekstar, mange elevars etablerte lesepraksisar eller kva type oppgåver ein gir elevane i tilknyting til tekstarbeid. Til diskusjonen etter lesing av fagteksten i økta er det også eit punkt som handlar om å studere eit læreverk eller annan pedagogisk tekst: det vil vere tidssparande å ha gjort alle merksame om dette på førehand og be lærarane om å ha med seg ein pedagogisk tekst som skal brukast i nær framtid. Ver også merksam på at økta har ein plakat som vedlegg som kan skrivast ut og brukast som støtte i undervisningsplanlegging.

 

Utstyr:

Til øktene trengs det framvisingsutstyr med lyd.

 

Rammer:

Det vil ta ca. 60 minutt å gjennomføre kvar av øktene 1, 3, 5, 7 og 9. Til erfaringsutvekslingsøktene 2, 4 og 6 har vi sett av 30–60 minutt.

 

Forankring i Kunnskapsløftet:

Presentasjonen i denne pakken bygger på lesing som grunnleggjande ferdigheit slik det blir presentert i Kunnskapsløftet (LK06) og i ”Rammeverk for grunnleggende ferdigheter” (udir, 2012).

 

Kopling til andre kompetanseutviklingspakker:

Når ein er ferdig med «God leseopplæring», kan det vere naturleg å gå vidare til den fagovergripande pakken «God skriveopplæring», «Lesing av ulike kjelder om same tema», «Studieforberedt», «Nasjonale prøver i lesing» (for ungdomstrinnet) eller vurdere dei ulike fagspesifikke pakkane som f.eks «Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga», «Norskfaglege praksisar», «Å lese og skrive fagtekster i teknikk og industriell produksjon, elektro og bygg og anlegg», «Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag» eller «Lesing og skriving i design og håndverk».