Hopp til hovedinnhold

Innleiande refleksjon

Elevane vil oppleve å møte mange og krevjande tekstar i skulen. Det kan vere ulike årsaker til at tekstane er vanskelege å få grep om. Teksten kan ha ein  struktur elevane ikkje kjenner til, ei setningsoppbygging som gjer han tung å lese, eller ha mange ord og omgrep som er ukjente.

Lesekyndige lærarar opplever sjeldnare dei same vanskane i møte med tekst. Vedlagt ligg tre ulike teksttypar: ei hekleoppskrift, utdrag frå golfreglar og to green text-forteljingar (sjå dokument til nedlasting). Felles for tekstane er at dei er del av tekstkulturar med ord, omgrep og strukturar som er ukjente for «utanforståande».

Kvar lærar les den teksten som han/ho tenker er mest ukjent. Etter å ha lese teksten, diskuterer de spørsmåla under:

  • Korleis opplevde du det å lese ein tekst som inneheld ukjente ord og uttrykk?
     
  • Kva kunne ha hjelpt deg til å forstå teksten betre?