Hopp til hovedinnhold

Arbeid med ord og omgrep – innleiing og før lesing

I denne økta får de sjå to filmar om å arbeide med ord og omgrep. Universitetslektor Trude Alfsvåg ser nærare på kvifor ein bør arbeide med ord og omgrep i undervisninga, og gir døme på kva ein kan gjere for å gi elevane strategiar og hjelpe dei til å utvikle fagspråket sitt, både før, under og etter lesing.

Ta gjerne notat undervegs i filmen. I neste øktelement er det lagt opp til diskusjon om filmen og teksten de las som førebuing.