Hopp til hovedinnhold

Oppsummering og diskusjon

Ta utgangspunkt i teksten «Å utvikla tekstkompetanse» og diskuter spørsmåla under i grupper:

  • Er det element i teksten du kan kjenne att frå eige klasserom og eiga erfaring med elevane sine lesepraksisar?
  • Korleis kan vi støtte elevane i å utvikle betre tekstkompetanse? Kva gjer vi i dag? Er det noko vi kan gjere tydelegare?
     
  • Finn fram eit læreverk du/de nyttar i eigen praksis, eller annan pedagogisk tekst som skal brukast i undervisning i nær framtid, og studer oppgåver som blir gitt til teksten:
  • Korleis vil du klassifisere oppgåvene? Handlar dei for eksempel om å finne eksplisitt informasjon i teksten, tolke tekstelement eller reflektere over tekstens form og innhald?
     
  • Finst det oppgåver som gir elevane lesestøtte til å orientere seg i teksten eller samanlese ulike tekstelement, dvs. lese tekst og illustrasjon i samanheng?
     
  • Bidreg oppgåvene til at elevane utviklar tekstkompetanse?
     
  • Er oppgåvene representative for det du meiner er den mest sentrale kunnskapen i faget/temaet?