Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakka

Her finn du informasjon om kompetanseutviklingspakka Nynorsk som sidemål for ungdomstrinnet til deg/dykk som skal leie arbeidet på skolen. Her er ei oversikt over innhaldet i pakka, og framlegg til korleis de kan gjennomføre arbeidet.

Førebuing: Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet har hatt tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det er særleg viktig at du/de har sett på kva refleksjonsoppgåver ein skal arbeide med, og kva som er oppdraget til neste gong. De bør også ha tenkt igjennom kva som vil vere den beste organiseringa på skolen dykkar.   

Målgruppe: Pakka Nynorsk sidemål for ungdomstrinnet er retta mot lærarar som underviser i norsk på ungdomstrinnet, og for andre som er interesserte i å få til ei god nynorskopplæring.

Organisering: Innhaldet i pakka er fordelt på økter. Her finn du ei veksling mellom refleksjonsoppgåver, filmar og andre tekstar. Det er viktig at den/de som leier arbeidet set av nok tid refleksjon, samtale og oppsummering, og at de held fast på at det er oppdrag som skal prøvast ut i klasserommet mellom øktene. Først då kan ein få til ei Kompetanseutvikling i personalet. Tenk på kva som kan vere god gruppestorleik hos dykk, kven som skal vere med, og korleis ein skal dele inn; etter trinn, etter fag eller på tvers av etablerte grupper. Vi tilrår at de arbeider med øktene i den rekkefølgja dei kjem.

Økt 1. Å kome i gang med sidemålsarbeidet.

Gje ut dei to spørsmåla som kjem i starten av økta  til deltakarane i god tid på førehand, og bed dei skrive ned nokre stikkord kvar. Desse stikkorda dannar utgangspunkt for ein samtale om korleis de oppfattar at sidemålsarbeidet på skolen er. Ein må skrive ut eit eksemplar av Språkplakaten til kvar enkelt deltakar. Språkplakaten er også fin å henge opp i fellesareala. http://nynorsksenteret.no/img/nsfno/Snakk_saman_om_spraak_ungdomsskule.pdf  

Det kan hende at ein treng meir tid til å planlegge oppdraget før neste økt. Då kan ein kanskje bruke 15 minutt av fellestid til dette. De finn også framlegg til to artiklar som kan eigne seg til vidare lesing. De bør ta stilling til om og korleis desse artiklane skal brukast, som aleinelesing eller i fellesskap.

Økt 2. Å ha fokus på metodikk.

Erfaringsdelinga i starten av økta er eit viktig framhald av oppdraget mellom øktene, og det er viktig å ha fokus på det som har fungert bra. Her bør de sørge for at alle deltakarane kjem til orde. De bør sjå intervjuet med Hjalmar Eiksund i fellesskap, og alle bør notere stikkord undervegs. Finn fram kompetansemåla i fagplanen på førehand. Det er mogleg at refleksjonsoppgåvene i etterkant av filmen tar lengre tid enn 20 minutt.

Økt 3. Å arbeide med kreativ skriving.

Igjen er erfaringsdelinga i starten av økta viktig. Det er bra at ein tenker over kva som har fungert godt i klassen og kvifor, og korleis ein kan ta med seg erfaringane i det vidare arbeidet. Her bør de sørge for at alle deltakarane kjem til orde.

Lat lærarane prøve seg på skriving i fem minutt. Det er ikkje meininga ein skal diskutere kva den einskilde læraren har skrive, men det er eit poeng at lærarane får prøvd seg på tenkeskriving.

Denne økta inneheld ein film og refleksjonsoppgåver knytt til filmen og til eigen praksis. Fagfilmen er knytt til spørsmåla: Kva er kreativ skriving? Kvifor drive med kreativ skriving på sidemålet? Korleis drive med kreativ skriving på sidemålet? Pass på at alle deltar i diskusjonen etterpå. Dersom dei tre spørsmåla er for mange, så vel de dei som høver best for dykk.

Økt 4. Kreativ skriving - del 2

Her kjem eit intervju med forfattar og skrivekurslærar Marianne Clementine Håheim. I filmen fortel ho både om kvifor kreativ skriving har ein verdi i skriveopplæringa i skulen, og i tillegg kjem ho med konkrete tips til lærarane. I etterkant av filmane jobbar de med oppgåver knytt til eigen praksis. Finn gjerne fram boka vi tilrår til vidare lesing.

Økt 5: Nynorsk som aktivt bruksspråk.

Økta startar som vanleg med ein refleksjon over det de har gjort med skriving i klasserommet. I den femte økta er hovudfokuset korleis ein kan gjere elevane meir vande med å sjå og bruke nynorsk i ulike samanhengar. Kristin Kibsgaard Sjøhelle snakkar om korleis ein kan bruke ein språkdusj-metodikk i praksis, og ho kjem med mange konkrete forslag. Noter nokre av dei forslaga de liker medan de ser filmen, og diskuter kva for nokre av dei de  kan gjennomføre med elevane. Finn gjerne fram artikkelen til Sjøhelle som er tilrådd som vidare lesing.

Økt 6: Å arbeide med nynorsk litteratur som utgangspunkt for skriving.

Det kan vere utfordrande å finne fram til nynorske bøker som kan høve godt for elevane i ungdomsskolen, og her finn de ein kort artikkel som handlar om kvifor elevane skal lese nynorske tekstar og tips til bøker som kan passe for aldersgruppa. Tenk over kvifor det er viktig at elevane les mykje nynorsk, og korleis de kan få til meir lesing av nynorsk litteratur i klasserommet.  Les artikkelen, og diskuter synspunkta som kjem fram der.

Ein kan gjerne bruke skjønnlitterære tekstar som utgangspunkt for skriving. Vedlagt finn de eit utdrag av Aina Bassos Inn i elden, men det er også råd å velje ein annan litterær tekst om de vil det. Den litterære teksten skal først og fremst fungere som  ein inspirasjon til at elevane skal skrive sjølv. Teksten kan lesast høgt i klasserommet, eller elevane kan lese sjølv.

Her finn de også ei skriveramme som kan passe til utdraget frå Inn i elden. Skriveramma kopierer de først opp til lærarane som bruker nokre minutt på å sjølv fylle inn i skriveramma. Er dette ei skriveramme som kan fungere for elevane dykkar, eller bør de gjere tilpassingar? Så kopierer de opp skriveramma til elevane, og prøver ho ut i klasserommet.

Økt 7: Erfaringsdeling, oppsummering og vegen framover.

Nå er det tid for å tenke over kva som har fungert godt medan de har arbeidd med Kompetanseutviklingspakka for nynorsk sidemål. Korleis har det ført til endra praksis på skolen? Korleis vil de arbeide vidare med nynorsk sidemål framover?

 

Kompetansemål etter 10. klasse

  • lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger
  • skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
  • gjøre rede for noen kjennetegn ved hovedgrupper av talemål i Norge, og diskutere holdninger til ulike talemål og til de skriftlige målformene nynorsk og bokmål
  • bruke grammatiske begreper til å sammenligne nynorsk og bokmål
  • forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjøre rede for språkdebatt og språklig variasjon i Norge i dag