Hopp til hovedinnhold

Refleksjon og oppdrag til neste gong

De plukkar ut eit eller fleire av tiltaka i språkplakaten, og bestemmer dykk for kva de vil satse vidare på og prøve ut i klasserommet og på skolen hos dykk.

Planlegg korleis de kan få til ei praktisk gjennomføring av dette/desse punkta de har valt.  

Bruk gjerne IGP:  Først individuelt 2 min der ein skriv ned stikkord, deretter gruppediskusjon der alle deler stikkorda sine, til slutt plenum (alt etter kor mange de er). De bør oppsummere diskusjonen og bli samde om nokre få, heilt konkrete tiltak som de vil gjennomføre i klasserommet før neste økt.