Hopp til hovedinnhold

Fagfilm: Samansette tekstar

Denne økta og fagfilmen tar føre seg samansette tekstar, og rører ved spørsmål om kva samansette tekstar er og kva relevans det har for oss i skulen. Målet er ikkje å gje ei uttømmande forklaring av omgrepet, men å freiste å setje det inn i ein samanheng slik at omgrepet kan opne opp for å forstå koss ein kan både skape, analysere og vurdere samansette tekstar i skulen. Det viktige i denne økta er å peike på samansette tekstar som eit perspektiv på alle typar tekst -- å sjå på ein tekst som samansett kan opne opp for å sjå på tekstar frå fleire sider og kanskje slik få ei rikare forståing av kva det er i ein tekst som skapar meining, på tvers av både sjangrar og medium.