Hopp til hovedinnhold

Diskusjonsoppgåve

Denne oppgåva er eigna for arbeid i grupper på 3 personar. Ta utgangspunkt i den vedlagte teksten (biletet nederst på sida), og diskuter følgjande spørsmål i gruppa:

Denne plakaten (under) er nokså enkelt oppbygd med eit bilete med ein enkel tekst under. Ein kan seie at biletet og teksten er døme på to ulike semiotiske ressursar som er samansett til eitt tekstuttrykk.

Kva rolle speler konteksten denne plakaten står i for dei vala som er tatt når ein har utforma denne samansette teksten?

Speler dei to ulike semiotiske ressursane tekst/bilete ulike roller i akkurat denne plakaten, og i så fall, kva er jobben til dei ulike semiotiske ressursane?