Elevar med nynorsk som hovudmål har nokre utfordringar som elevar med bokmål som hovudmål ikkje møter. I denne fagressursen ser vi på korleis vi som lærarar i alle fag kan hjelpe elevane til å bli trygge nynorskbrukarar.
Målet med Nynorsk som hovudmål er å leggje til rette for refleksjon rundt god, nynorsk opplæring i alle fag. Vi ser nærare på korleis vi som lærarar kan motivere elevane til å lese og skrive nynorsk, og kvar vi kan finne aktuelle, nynorske tekstar til ulike fag. Vi vil også vise døme på korleis vi kan arbeide med ord og omgrep ved lesing av fagtekstar, og måtar å møte utfordringa med at mange kjeldetekstar er på bokmål.
Pakken er laga av Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret (fagleg ansvarlig) i samarbeid med Ingeborg M. Berge ved Lesesenteret (pakkeansvarlig).