I læreplanen står det at elevane skal kunne «vurderer ulike kilder til kunnskap og tenke kritisk om hvordan ny kunnskap utvikles» (LK20, overordna del).
For at elevane skal kunne utvikle kritisk tenking er det viktig at dei les ulike tekstar, i tillegg til læreboka, med ulike perspektiv på ei sak, og drøfter desse saman med andre. I denne ressursen er målsettinga å bygge ei felles forståing for kvifor ein bør jobbe med multiple tekstar i skulen og korleis dette kan gjerast.
Pakken er utvikla av: Wenke Mork Rogne, HVO (fagleg ansvarleg), Marit Wadsten og Unni Fuglestad.