Fleire enn øvste leiar bør delta på oppstartsamling for overgang barnehage-skule
Tilsette ved til dømes pedagogisk avdeling i kommunane er òg høgaktuelle som deltakarar på Språkløyper-samlinga i Lillestrøm i november.
16. november er det oppstartsamling for temaet «Overgang fra barnehage til skole» i Lillestrøm. Samlinga innleier arbeidet med denne kompetanseutviklingspakken i Språkløyper.
Oppstartsmøtet er for barnehage- og skuleeigarar; i praksis kommunane. Enkelte av desse har berre meldt på øvste leiar i etaten, men det er ønskjeleg at kommunane sender fleire representantar.
Oppstartmøtet viktig for fleire
For å få best effekt ut av det vidare arbeidet, er det nemleg viktig at dei som skal jobba med kompetanseutviklingspakkane, òg er med på oppstartmøtet. Desse kan til dømes vera tilsette i pedagogisk avdeling i kommunane eller på pedagogiske senter, eventuelt andre ressurspersonar som har som oppgåve å arbeida med kommunikasjonen mellom barnehage og skule.
Desse skal i sin tur leia samlingar for både leiarar og tilsette i barnehagar og skular.
Les òg: Her får du svar på dei oftast stilte spørsmåla om Språkløyper
Brei deltaking best
Arrangørane – Lesesenteret og Skrivesenteret – oppmodar difor om breiast mogleg deltaking på oppstartsamlinga, innanfor desse rammene.
Oppstartsamlinga er elles gratis.