Vidare arbeid med lesestrategiar: Erfaringsdeling

Oppgåva frå sist samling gjekk ut på å planlegge og gjennomføre eit undervisningsopplegg med fokus på lesestrategiar. Del erfaringar i grupper.

 

 

Forslag til vidare diskusjon:

  1. På kva måte vil de ta med erfaringane som kom fram frå utprøvinga i vidare planlegging av nye undervisningssituasjonar med nye tema, tekstar og mål for lesinga?
     
  2. Korleis arbeide vidare med eksplisitt strategiopplæring i form av fire faser der målet er at elevane skal verte sjølvstendige og strategiske i si eiga læring? 

 

Dei fire fasene er:

1) Modellering med forklaring

2) Tilpassa rettleiing og støtte

3) Utprøving av strategiar i nye samanhengar (t.d. fag, tekster, læringsmål)

4) Metakognitive refleksjonar med vurdering av prosess og læringsutbytte