Introduksjon: Kva er språkvanskar?

Spesifikke språkvanskar er ein tilstand der barn med elles vanleg utvikling ikkje tileignar seg språk som forventa. Omlag sju prosent av alle femåringar har slike vanskar (Tomblin et al 1997; Leonard, 2014).  Det vil seie at barn med språkvanskar er å finne i dei aller fleste skuleklasser. Barn med språkvanskar strevar med å forstå eller uttrykkje seg på morsmålet sitt.