Hopp til hovedinnhold

Leseplanleggjaren

De har nå kartlagt kva for utviklingsområde som de kan arbeida meir med. Uansett kva for utviklingsområde de vel er det viktig å sjå lese- og skriveopplæringa inn i ein heilskapleg samanheng. Som ei hjelp i ei heilskapleg planlegging av lese- og skrivepraksisar kan Leseplanleggjaren og Skriveplanleggjaren ver gode planleggingsverkty. Dei to neste øktene gir difor ei innføring i desse planleggingsverktya. Før de byrjar på denne økta om Leseplanleggjaren er det nødvendig at de har tilgang til ein eller fleire av dei tekstane som de skal arbeida med i klassen.

Mål:
Målet med denne økta er å tenkja gjennom korleis ein kan planleggja lesesituasjonar der det er tydeleg samanheng mellom mål, arbeidsmåtar og vurdering.