Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakken – til den som leiar arbeidet

I dette skrivet får de råd om korleis de kan gjennomføre kompetanseutviklingspakken Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs. Dei to første øktene er introduksjonsøkter om kva eit skulebibliotek kan vere. Øktene tek for seg skulebibliotekfunksjonen frå første trinn i barneskulen til og med vidaregåande opplæring. Økt tre handlar om litteraturformidling og økt fire om korleis skulebiblioteket kan vere ein ressurs i oppøving av elevane si informasjonskompetanse.

Målgruppe:

Pakken rettar seg mot lærarar som underviser i grunnskulen. Det er også ynskjeleg at leiinga på skulen deltek i arbeidet med pakken.

Nokre viktige prinsipp for den/dei som skal leie arbeidet:

I Språkløyper er det lagt opp til at alle begynner med introduksjonsøkta. Der vert det lagt eit fundament for forståinga av kva lesing som grunnleggande ferdigheit er, og ikkje minst for kva som kjenneteiknar kvalitet på refleksjon og utviklingsarbeid for lærarar. I bibliotekpakken gir introduksjonsøktene ei innføring i kva som skal til for at biblioteket skal fungere som pedagogisk ressurs på skulen.

Det viktigaste arbeidet for utvikling av eigen praksis ligg i refleksjonsoppgåvene og gruppearbeida i kvar økt, og i oppdraga/mellomarbeidet mellom øktene. Det vil vere ein fordel å presentere for deltakarane kva målet med økta er og kva oppdrag eller mellomarbeid dei munnar ut i, slik at deltakarane allereie frå starten av veit kva dei skal delta i. Læringsutbyttet av øktene avhengar av deltakarane sine bidrag og engasjement.

Tidsramma for kvart øktelement er rettleiande. Det kan hende at de ynskjer å bruke meir eller mindre tid på kvart element enn det som er foreslått. Oppstår det særleg spennande diskusjoner, eller er arbeidet i gruppene i god og kreativ utvikling, vil det vere synd å avbryte. Det er viktigare at det foregår meiningsfulle og givande læringsprosessar mellom kollegaar enn at tidskjemaet vert halde. Å vurdere når det er på tide å gå vidare i programmet er ei viktig oppgåve for den som skal leie.

Dei ulike øktene kan innehalde meir arbeid enn det blir tid til på fellessamlingane. Det kan derfor være ein idé å setje av fast tid til refleksjonsoppgåver og erfaringsdelingar på andre møte som lærarane har i perioden mellom fellessamlingane. Det kan til dømes vere ein fast lærar som har ansvar for å følgje opp Språkløypearbeidet på teammøte.

Øktene bør gjennomførast i kronologisk rekkefølgje, då dei byggjer på kvarandre når det gjeld fagleg innhald.

Førebuing:  

Som leiarar må de sjå gjennom komande økt i god nok tid til å skaffe aktuelt materiell som trengst til arbeidet. De må òg vere førebudde på arbeidsmåtane dei ulike øktene legg opp til, slik at de kan planleggje organiseringa.

Organisering:

I mange av øktene er det lagt opp til parsamtalar eller samtalar i grupper. Vi tilrår grupper på mellom tre og seks deltakarar. 

For å sikre samanheng og kontinuitet i utviklingsarbeidet er det ein fordel om de som leiar har møte mellom kvar ny økt som skal introduserast for personalgruppa. For at lærarane skal få tid til å gjennomføre oppdraga, bør skulen ha samlingar med 3–4 vekers mellomrom. Då vil lærarane få tid og høve til å gjennomføre oppdraga og til å diskutere med kollegaer før nytt fagstoff blir presentert.

Lukke til med arbeidet.