Hopp til hovedinnhold
Oppslått bok med bokstavar

Arbeid med skjønnlitterære tekstar i norskfaget

Norskfaget har eit særleg ansvar for all språk-, skrive- og leseopplæring i skulen, samtidig som det óg er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling.

Kunnskapsløftet seier mellom anna at å kunne lese i norsk inneber å kunne engasjere seg i tekstar og få innsikt i andre menneske sine tankar, opplevingar og skaparkraft. Å lese, samtale om, tolke og analysere skjønnlitterære tekstar vert såleis sentralt i norskfaget si leseopplæring.

Målsettinga med denne kompetanseutviklingspakken er derfor å gje kunnskap om korleis lærerane kan utfordre elevane på barnetrinnet til å analysere og forstå skjønnlitterære tekstar og stimulere til leselyst.

Sentrale spørsmål:

  • Kvifor skal me arbeide med skjønnlitterære tekstar i norskfaget?
  • Kva kjenneteiknar den skjønnlitterære lese- og tenkemåten?
  • Kva er fagspesifikke lesing i norskfaget?
  • Kva skjer når me les skjønnlitteratur?
  • Kva er verdien av å delta i litterære samtalar?
  • Korleis gje støtte til litterære samtalar?
  • Korleis jobbe med lesestimulering i skulen?

 

Pakken er laga av Marit Aasen, universitetslektor ved Lesesenteret, Monica Gundersen Mitchell, førsteamanuensis ved Lesesenteret, og Anne Håland, førsteamanuensis ved Lesesenteret.

Slik bruker du pakken