Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakken

Gutar, jenter og lesing

Det ser ut til, eller kan sjå ut til, at gutar utviklar seg noko langsamare i som små enn jenter når det gjeld språk, og fleire gutar enn jenter har språk-, lese- og skrivevanskar.Sjølv om forsking kan nyansere biletet, ser vi kjønnsskilnader når det gjeld utvikling av leseferdigheiter, for eksempel i dei store leseundersøkingane PISA, PIRLS og nasjonale prøver i lesing, kor jentene gjennomgåande har betre leseferdigheiter enn gutar.

Det er likevel ikkje sikkert at det er biologiske årsaker til forskjellane mellom kjønna. Skilnader mellom gutar og jenter sine leseferdigheiter kan også skuldast ulik interesse for språk- og leseaktiviteter, motivasjon og haldningar til lesing i barne- og ungdomsåra, for i målingar av vaksne sine leseferdigheiter i dag finn vi ikkje klare kjønnsskilnader.

Lesesenteret har valt å behandle temaet «gutar og lesing» på ein annan måte enn dei andre fokustema som er gitt i mandatet til Språkløyper. Tema som lese- og skrivevanskar, språkvanskar, minoritetsspråklege og elevar med stort læringspotensial får eigne pakkar som skal brukast steg for steg i felles kompetanseutvikling i personalet med utprøving og endring av praksis som mål. Denne handsaminga eignar seg ikkje like godt for tema «gutar», eller som vi vel å tolke det, gutar, jenter og lesing. All god lese- og skriveopplæring slik ho blir presentert i kompetanseutviklingspakkane god for både gutar og jenter. Ulike tilnærmingsmåtar når det gjeld dei to kjønna kan vi ikkje leggje fram.

Likevel er det på sin plass med ei bevisstgjering omkring korleis vi tenkjer om dei to kjønna når det gjeld lesing. Med tanke på bevisstgjering og debatt i personalet, presenterer vi her tre blogginnlegg med lesing og kjønn som tema. Skolane må sjølv organisere og leggje rammer for denne debatten.

Tekst 1: «Er kjønn substantiv eller verb?» av Brita Strand Rangnes, førstelektor på Institutt for kultur- og språkvitskap ved humanistisk fakultet, Universitet i Stavanger.

I denne teksten behandlar Rangnes spørsmålet om kjønn er natur eller kultur, om det er substantiv, altså noko vi er, eller om det er verb, altså noko vi gjer. Gjennom ein historisk gjennomgang av rollene menn og kvinner har spelt i vestlege politiske og kulturelle sfærar, får vi ei forståing av at det kan hende ikkje er så enkelt å forklare forskjellar mellom kjønna utelukkande som biologiske.

Tekst 2: «Kjønn og lesing» av Ingrid Nielsen, førsteamanuensis ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger

Nielsen framhevar kor viktig ein solid lesekompetanse er for begge kjønn og deira mogelegheiter til å delta i demokratiet. Vidare forklarar Nielsen konsekvensane ei stereotyp forståing kjønn: Står vi i fare for å forsterke pliktfølelsen hos jentene viss vi igjen tilpassar undervisninga til gutane og deira behov? Står vi i fare for å gjere gutane ei bjørneteneste viss vi ikkje forventar meir av dei?

Tekst 3: «Å lese kjønn og lesekjønn» av Trine Mathiesen Gilje, stipendiat i ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger

Med ein appell om ukjønna leseundervisning som utgangspunkt trekker Gilje på begge dei føregåande tekstane: Frå ein gjennomgang av forskjellane mellom kjønn og kjønnsroller, altså mellom natur og kultur, via farane ved å forenkle debatten til å handle om stereotype kjønn heller enn om individ, endar denne teksten i eit utrop: Det er på tide å fortelje gutane at dei kan bli like flinke som jentene.