Prøv ut i praksis: Å fremme deltaking, engasjement og og kritisk tenking

Med utgangspunkt i kva utviklingsområde de blei samde om: Diskuter korleis de kan arbeide både som faggruppe og i undervisninga for å utvikle nettopp desse områda. Kva vil de gjere meir av eller annleis i undervisninga for å utvikle kritisk literacy hos elevane? 

Vel eit av områda de har diskutert som de i par planlegg eit undervisningsopplegg til med mål om å utvikle elevane si literacy-kompetanse. Prøv ut i praksis, og del erfaringar i etterkant.  

Erfaringsutveksling:

Avtal når de skal møtast for å dele erfaringar frå undervisningsopplegget. Spørsmåla under kan vere utgangspunkt for erfaringsutvekslinga:   

  • Kva gjorde du, og korleis gjekk det? 
  • Var det elevar i klassen som hadde spesielt godt utbytte av undervisninga? 
  • Kva erfaringar vil du ta med deg vidare i eigen praksis? 
  • Kva vil du gjere annleis neste gong? 
Image
Kritisk literacy-modell