Fagtekst: "Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga – verktøy til kritisk literacy"

For at elevane skal utvikla seg til å bli kritisk tenkjande og aktive medborgarar, treng dei verktøy i møte med ulike type tekstar, både munnlege og skriftlege.  

De skal gjennomføre eit tekstseminar etter IGP-metoden (Individuelt-Gruppe-Plenum), og i fellesskap  arbeide med innhaldet i fagteksten “Lesing, skriving og munnlegheit - verktøy til kritisk literacy”. 

  

Individuelt (10 min) 

Les fagteksten. Medan du les skal du fortsette å notere på arket med modellen kritisk literacy.  

  1. Noter ned dei arbeidsmåtane knytta til lesing, skriving og munnlegheit som fagteksten skildrar som god praksis.   
  2. Set ring rundt arbeidsmåtar du meiner de kan utvikle vidare, både frå førre diskusjonsoppgåve og som du henta frå teksten.  

 

Gruppediskusjon (5 min) 
Diskuter kva som er gode arbeidsmåtar til å fremje kritisk literacy. Bli einige om områder de ynskjer å utvikle og skriv dei på eit eiget ark. 
  

Plenum (5 min) 
Gruppene deler det de har komme fram til i fellesskap. Dei som leiar økta gjer det synleg for alle kva for utviklingsområde gruppene har blitt samde om.