Hopp til hovedinnhold

Oppdrag til neste gang

Mange skular har allereie leseprosjekt. Diskuter om de ynskjer å vidareutvikle opplegget de har på skulen. Diskuter kva de vil gjere meir av, og kva de vil gjere mindre av. Er det nokon av aktivitetane de har sett døme på som de vil prøve ut?

Oppdrag til lærarane:

Start planlegging av eit leseprosjekt på eigen skule.

Oppdrag til leiinga: Inviter bibliotekar frå nærmaste folkebibliotek til neste Språkløyper-samling, som skal handle om kva folkebiblioteket og skulebiblioteket kan samarbeide om.

Lag ein punktvis plan for utvikling av lesestimuleringsarbeidet ved skulen der biblioteket er integrert som ressurs. Punkta skal kunne gå inn i ein bibliotekplan for skulen. Fortset dette planleggingsarbeidet i perioden fram til neste Språkløyper-samling.