Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
15.05.2019

Dei tre siste språkkommunane er valde ut

Alta, Nesna og Larvik er dei siste som får statusen språkkommune som del av Språkløyper-strategien.

Språkkommune-utnemningane er inne i fjerde og siste periode, og denne gongen blei altså Alta, Nesna og Larvik valde ut som språkkommunar.

Språkkommunar er ein del av Språkløyper-strategien, og til saman 75 kommunar, frå alle fylke, har blitt språkkommunar sidan strategien starta i 2016.

Alta, Nesna og Larvik skal vera språkkommunar i perioden 2019-2020. Som alle språkkommunar får dei økonomisk og faglig støtte frå staten til utviklingsarbeid knytt til språk, lesing og skriving.

Du kan lesa meir om språkkommunar og samanhengen med Språkløyper på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

 

Les òg:

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet og systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.

Språkkommunen Nærøy har fått flere aha-opplevelser og ny bevissthet - Vi har lært veldig mye, både om oss selv og hvordan vi kan arbeide systematisk over tid, sier oppvekst- og kultursjef Kirsti Sandnes Fjær.

Språkkommunen Hammerfest er glad for struktur og raud tråd - Det hjelper med å setje arbeidet i system og sikrar kvalitet, seier pedagogisk konsulent Trine Hansen om å vera språkkommune.

Å bli språkkommune har auka motivasjonen i Sykkylven - Vi lærer på alle nivå og blir forplikta til å følgje opp, seier skulefagleg rådgjevar Monica Hjelmevoll om satsinga.