Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
09.01.2019

Skulebibliotek blir tema i tre Språkløyper-pakkar

Kompetanseutviklingspakkar om skulebiblioteket som ressurs i både barne- og ungdomstrinn og vidaregåande blir lansert denne veka.

Språkløyper-universet veks stadig vekk, og dei siste greinene på stammen er tre kompetanseutviklingspakkar om skulebibliotek.

Språkløyper-pakken Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs kjem i versjonar for både barnetrinn, ungdomstrinn og vidaregåande opplæring.

For heile skuleløpet

Barnetrinn-pakken har tre økter, det same har versjonen for ungdomstrinn, medan vidaregåande-pakken har fire økter.

Dei første øktene er allereie publisert, resten kjem på plass så raskt som mogleg.

Ressursane er laga som eit samarbeid mellom tilsette ved Lesesenteret og fagpersonar i bibliotekmiljøet.

Viktig ressurs for kritisk tenking

- Biblioteket kan få elevane til å lesa meir, øva dei opp i kritisk tenking og få dei til å bruka ulike informasjonskjelder i skulearbeidet. Forsking viser dessutan at når elevane har tilgang til mange, ulike tekstar, kan det gjera dei til betre lesarar. Dette føreset ein aktiv bruk av biblioteket, seier Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane, og ein av fleire fagansvarlege for dei nye Språkløyper-pakkane.

Ho legg til at barn og unge blir betre lesarar av å lesa i fritida, og at skulebiblioteket har ei sentral rolle her.

- Det er særs viktig å gi elevane mykje litteratur å velja i. Skulen må ha god kjennskap til litteraturen og kompetanse på formidling. Her kjem skulebiblioteket og skulebibliotekaren inn som nyttige ressursar for læraren, forklarer Ingvaldsen.

Samarbeid skule-bibliotek aukar læringsutbyttet

- Skulebiblioteka er og skal vera ein læringsarena i og på tvers av alle fag, og eit samlingspunkt som både formidlar litteratur og informasjonskompetanse, uavhengig av lesenivå og funksjonsnivå til elevane. Det er derfor viktig at skulebibliotekarane blir ein del av det pedagogiske personalet på skulen. Forsking viser at eit samarbeid mellom lærarar og skulebibliotekarar auker læringsutbyttet og skuleprestasjonene til eleven, seier Ine Marit T. Bertelsen, rådgjevar i seksjon for opplæring i Rogaland fylkeskommune.

Bertelsen har òg vore fagansvarleg for dei nye Språkløyper-pakkane.

Ho tilføyer at i tillegg til kompetanseutvikling kan gode skulebibliotek vera ein inkluderingsarena som bidrar til å utjamna sosiale, kulturelle og digitale skille, og som skapar personleg vekst hjå den enkelte eleven. 

Løyving på 14 millionar til skulebibliotek

Kunnskapsdepartementet informerte i haust at regjeringa løyvar 14 millionar kroner til ulike skulebibliotekprosjekt i 27 norske kommunar.

Målet er å gi elevane auka leseglede og betre lesedugleikar.

"Bibliotekene gjør en god jobb med å være levende hus som fremmer leseglede, og de er gode møteplasser for dialog og debatt, lek og fellesskap. I dagens informasjonssamfunn er det kanskje viktigere enn noen gang å strekke seg mot kunnskap, og her spiller bibliotekene en viktig rolle," uttalte kulturminister Trine Skei Grande (V) i pressemeldinga den gong.

Kva er eigentleg Språkløyper? Les meir her!