Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
06.11.2018

Island vil læra av Språkløyper

Kanskje blir det "Málspor" på sagaøya i framtida - med inspirasjon og kunnskap frå Noreg og Lesesenteret.

Interessa for Språkløyper er ikkje avgrensa av Noregs grenser - nå har islandske styresmakter fått augene opp for denne nasjonale satsinga for lesing, skriving og språk på fastlandet lenger sør.

Denne veka er fem representantar frå Menntamálastofun - Islands utdanningsdirektorat - på vitjing hjå Lesesenteret, for å få vita meir om den norske strategien. Både produksjon, utvikling og organisering er tema i dag og i morgon. 

Interesserte representantar frå Menntamálastofun - det islandske utdanningsdirektoratet - blir orientert om norske Språkløyper. Dei fem i den islandske prosjektgruppa er Guðbjörg Rut Þhórisdóttir (f.v.), Andrea Anna Guðjónsdóttir, Elsa Pálsdóttir, Hafdís Guðrún Hilmarsdóttir og Heiðrun Scheving Ingvarsdóttir. På venstre side av bordet Margunn Mossige, områdeleiar for Språkløyper. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Island er drygt midtveges i ei fem år lang, statleg satsing for høgare kvalitet i utdanninga, eit initiativ frå styresmaktene etter skuffande PISA-resultat tidlegare på 2000-talet. Dei fem i den nemnde prosjektgruppa har som oppgåve å utvikla satsinga vidare.

- Me ønsker å koma her og læra, særleg når det gjeld kontakten med kommunane. For oss er dette ein måte å finna metodar til å arbeida vidare med, fortel Guðbjörg Rut Þhórisdóttir, prosjektleiar for intervensjonsdelen av gruppa.

- Kan det med tida koma eit islandsk Språkløyper?

- Me har eit håp om det. Per i dag er Språkløyper på alle måtar meir utbygt og i større skala enn stadiet me er på, men me har nokre element som minnar om det, svarar ho.

Og namnet? Det kan i tilfelle bli "Málspor," om ein omset Språkløyper direkte til talemålet på sagaøya.