Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
04.09.2018

Slik har Fjell kommune brukt overgangs-pakken

Materiellet er aktuelt og enkelt å ta i bruk, med fin variasjon mellom aktivitetar, seier dei involverte.

Fjell kommune er ein kystkommune med ca 25 000 innbyggarar. Kommunen har det siste året hatt status som språkkommune. Eit viktig tiltak har vore gjennomføring av Språkløyper-pakken Overgang fra barnehage til skole for sentrale personar i alle barnehagar og skular i kommunen. Kommunen har til nå gjennomført tre av seks samlingar.

Ei arbeidsgruppe beståande av fem personar frå barnehage, skule og PPT har hatt ansvar for gjennomføringa. Denne gruppa har diskutert igjennom komponentane i dei ulike pakkane og gjort små tilpassingar etter behov.

Tydeleg struktur og inndeling i grupper på tvers av skule/barnehage har vore ein føresetnad for å kunne gjennomføre pakkane på oppsett tid.

- Vi opplever at materiellet er aktuelt og enkelt å ta i bruk, med fin variasjon mellom aktivitetar. Det har vore spennande å bli kjent med kvarandre sine kulturar og vi opplever at det er  god trivsel i samlingane, seier Anne Turid Våge, logoped i PP-tenesta, og Kjersti Sundal, i rettleiarteamet i barnehagane i Fjell. 

Målet, etter å ha gjennomført alle samlingane, er at barnehage og skule skal oppleve eigarskap til og ta i bruk nyutvikla planar og rutinar for samarbeid, med vekt på tidleg innsats og flyt i overgangen frå barnehage til skule, fortel dei vidare.

I haust blir det arrangert oppstartsamling for overgangspakken - for PP-tenesta, opplæringsadministrasjonen i kommunane og leiarar i barnehage og skule (som har ansvar for overgang). Les meir og meld deg på her!