Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
28.08.2018

Jobbar du i PP-tenesta? Bli med på Språkløypers oppstartsamling!

Til oppstartsamlinga i november inviterer me denne gongen spesielt tilsette i PP-tenesta. I tillegg til opplæringsadministrasjonen i kommunane og leiarar i barnehage og skule – som har ansvar for overgangen mellom desse to.

20. november er det gratis oppstartsamling for Språkløyper på Gardermoen, med fokus både på overgang mellom barnehage og skule, og PP-tenesta sine fordelar av Språkløyper.

Me inviterer difor:

  • Tilsette i opplæringsadministrasjonen i kommunane og leiarar i skule og barnehage, som har fokus på overgang mellom barnehage og skule.
  • Leiarar og andre tilsette i PP-tenesta.

Her er den utsende invitasjonen til Språkløypers oppstartsamling

Det er første gang ei oppstartsamling for Språkløyper har PP-tenesta som ei målgruppe.

- Erfaringar viser at rådgjevarar i PP-tenesta har nytte av å kjenna til Språkløyper og å bruka kompetanseutviklingspakkane, grunngir Margunn Mossige, prosjektleiar for Språkløyper.

Samlinga i november vil ha eit program med ein fellesdel og ein del som er spesielt tilpassa dei to nemnde gruppene:

 

Fellesdel:

Informasjon om, intensjon for, oppbygging av og bruk av Språkløyper.

Praksisforteljing frå ein kommune som bruker Språkløyper.

Informasjon om kompetanseutviklingspakken Overgang fra barnehage til skole.

 

Parallellsesjonar:

For PP-tenesta: Korleis kan PP-tenesta bruka Språkløyper - nytte og relevans.

For tilsette i opplæringsadministrasjon og leiarar i barnehage og skule: Kompetanseutviklingspakken Overgang fra barnehage til skole – innhold og arbeidsform.

 

Interessert? Meld deg på her!

 

Påmeldingsfristen er 18. oktober.

 

Kva er eigentleg Språkløyper? Les meir her!