Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
01.08.2018

Språkløyper får ros i ny rapport

Mange tilsette i barnehagar og skular seier at arbeidet med kompetanseutviklingspakkane i Språkløyper har endra måten dei arbeidar med språk, lesing og skriving på.

Språkløyper-strategien blir vurdert i delrapporten «Evaluering av den nasjonale strategien Språkløyper,» som blei offentleggjort av Utdanningsdirektoratet i dag.

Delrapporten, som over 167 sider vurderer den nasjonale strategien ut frå dokumentanalyser og spørjeundersøkingar så vel som case-studium, gir gode skussmål til arbeidet som er gjort så langt, som Lesesenteret og Skrivesenteret er ansvarlege for.

Språkløypers oppstartsamlingar gir eit godt grunnlag for fagleg arbeid på dei enkelte arbeidsplassane, konkluderer NIFUs delrapport med. Her frå seinaste runden med samlingar, frå Sola i vår. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Les òg: Hva er egentlig Språkløyper?

God kjennskap og opplevd som relevant

«Vår viktigste konklusjon er at hovedtiltakene virker i tråd med intensjonen, og fører til økt kompetanse og høyere prioritering av arbeidet med språk-, lese- og skriveferdigheter i kommunene. (…) I hovedsak synes de foreløpige resultatene fra den pågående evalueringen å vise en satsing hvor mye går i riktig retning,» er vurderinga i delrapporten.

Forfattarane - Jarmila Bubikova-Moan, Berit Lødding, Hanne Næss Hjetland og Kristin Rogde ved NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning) - legg mellom anna vekt på at mange frå barnehagar og skular har kjennskap til dei tre tiltaka i Språkløyper (oppstartsamlingar, nettressursar og språkkommune-satsing), rundt to år etter at dei blei sett i verk.

Dei fastslår at oppstartstamlingane gir eit godt grunnlag for fagleg arbeid på dei enkelte arbeidsplassane, og viser til at deltakarar frå både barnehagar og skular uttaler at samlingane gav moglegheiter for fagleg påfyll og ditto diskusjon.

Dei digitale kompetanseutviklingspakkane på Språkløyper-nettstaden blir dessutan opplevd som nyttige og relevante av brukarane i arbeidet deira, og ofte er heile staben involvert i utviklingsarbeidet, heiter det vidare.

Strand er ein av kommunane som satsar som tungt på språkutvikling, både som språkkommune og gjennom bruk av Språkløyper-ressursane. Her ved kontaktlærar Ingunn Løland i 3A på Tau skule (Foto: Leif Tore Sædberg)

Les òg: Her kan du lesa heile rapporten frå NIFU (pdf)

Endrar måten ein arbeidar på

Kanskje viktigast av alt: Tilsette i både barnehagar og skular landet rundt stadfestar at det kollektive utviklingsarbeidet med nettressursane ikkje berre kjennest nyttig og relevant – det skapar i tillegg positive endringar i det daglege, pedagogiske arbeidet deira:

«Mange ansatte i barnehagen og skolen oppgir at bruk av kompetansepakkene har endret måten de arbeider med språk, lesing og skriving på. Arbeid med pakkene har også gitt ny kunnskap og har ført til at språk, lesing og skriving prioriteres høyere,» er konklusjonen i delrapporten.

NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning) fekk oppdraget med å utarbeide delrapporten frå Kunnskapsdepartementet, som står bak Språkløyper. Sluttrapporten kjem hausten 2020.

Polarflokken barnehage i Longyearbyen har fleirspråklege utfordringar som dei brukar mellom anna Språkløyper-ressursane til å meistra. Her har pedagogisk leiar Maren Bekkeheien har lesestund for nokre av barna. (Privat foto)

Les òg: Sjekk ut dei nye Språkløyper-ressursane

… men noko kan betrast

Delrapporten viser likevel til fleire punkt som har betringspotensial. Sjølv om mange kjenner til Språkløyper-strategien, er den til dømes mindre kjent blant skuleleiarar i vidaregåande opplæring enn i grunnskulen og barnehagen.

Deltakarane på oppstartsamlingane kunne dessutan tenkt seg ei større vektlegging på konkrete råd og tips for arbeidet med språk, lesing og skriving.

Målgruppa etterspør i tillegg fleire kompetanseutviklingspakkar - særleg tilpassa behova i ungdomsskulen og vidaregåande - og gir uttrykk for noko misnøye med både innhald og talet på pakkar på desse opplæringsnivåa. Fagterminologien som er brukt i enkelte av videoane blir i tillegg karakterisert som «utfordrende» for delar av målgruppa.

Nynorske og samiske kompetanseutviklingspakkar og fleire pakkar om arbeid med fleirspråklege barn og barn med ulike vanskar blir òg nemnd som eit sakn blant målgruppa.

- Me er ein yrkesfagleg skule, og har hatt stor nytte av prosjekt som FYR. Derfor ønskjer me å vidareføra arbeidet og tankegangen gjennom Språkløyper, seier Ketil Lyngvær, avdelingsleiar ved Karmsund videregående skole. Til høgre Marianne Kolstø Hiltunen, lærar ved same skule. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Les òg: Her er dei 17 nye språkkommunane

Nøgd med tilbakemeldingane

Margunn Mossige, prosjektleiar for Språkløyper og førstelektor ved Lesesenteret, har nett lest delrapporten og vurderingane der.

- Kva synest du om tilbakemeldingane i rapporten?

- Det er veldig positivt at rapporten konkluderer med at hovudtiltaka verkar i tråd med intensjonen og fører til auka kompetanse og høgare prioritering av arbeidet med språk-, lese- og skriveferdigheiter i kommunane. Ikkje minst er det kjekt å registrere at personalet i barnehagar og skolar som deltar seier at dei endrar praksis. Å få til praksisendring er det viktigaste med strategien, og vanskeleg.

 

- Fleire og konkrete tips og råd blir i rapporten etterlyst i Språkløyper; er det mogleg å gjera noko med det?

- Dei som jobbar i barnehagar og skolar liker alltid å få praktiske tips, og vi som formidlar teoretisk stoff må vise korleis det kan gjerast i praksis. Men praktiske tips utan at dei som bruker dei kjenner og forstår bakgrunnen for dei, er lite verd; det er viktig at dei som arbeider med barna og elevane forstår kvifor dei gjer som dei gjer. Først då kan dei bruke dei råda dei får på eige materiale og vidareutvikle det.

 

- Kva kan gjerast med at Språkløyper er mindre kjent og brukt i vidaregåande utdanning enn i grunnskule og barnehage?

- Ja, der har vi ei utfordring. I 2015–2016 prioriterte vi dei yngste og hadde få kompetanseutviklingspakkar for ungdomstrinnet og vidaregåande skole. Det har vi retta på nå. Vi har nå 15 pakkar retta mot vidaregåande opplæring, både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Fleire kjem om kort tid, så nå har vi endeleg eit godt og variert tilbod også til vidaregåande opplæring. Vidaregåande opplæring har også hatt andre satsingar på lesing og skriving, Ny GIV og FYR, men desse er nå avslutta. Dette til saman gjer at vi nå vil rette marknadsføringa av Språkløyper spesielt mot vidaregåande i tida framover.

 

- Fleire kompetanseutviklingspakkar for både ungdomstrinn og vidaregåande blir etterlyst, i tillegg til meir om fleirspråklege tema, samisk og nynorsk – blir dette tatt til følgje?

- Rapporten omtalar Språkløyper 2016/2017. Alt nå i 2018 har vi som sagt publisert mange fleire pakkar for ungdomstrinn og vidaregåande. Vi har gjort eit omsettararbeid når det gjeld nynorsk, vi set i gang arbeid med ein pakke for fleirspråklege, og vi har kontakt med Senter for samisk i opplæringa for samarbeid.

 

- «Mange ansatte i barnehagen og skolen oppgir at bruk av kompetansepakkene har endret måten de arbeider med språk, lesing og skriving på. Arbeid med pakkene har også gitt ny kunnskap og har ført til at språk, lesing og skriving prioriteres høyere,» heiter det i samandraget av rapporten. Dette må vel sjåast på som ein indikasjon eller eit prov på at arbeidet med Språkløyper og strategien bak har innfridd måla sine så langt?

- Ja, akkurat dette er vi spesielt glade for, og vi må bare håpe at dette medfører varige endringar i språkarbeidet i barnehagane og i skolane, og at det kjem ungane og elevane til gode, svarer Margunn Mossige, prosjektleiar for Språkløyper og førstelektor ved Lesesenteret.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret